Sand kraftstasjon

Sand safari - Ei kulturhistorisk løype

Sand kraftverk er den eldste kraftstasjonen i Suldal og opna for første gong i 1916. Dette var også første gong lyspæra blei skrudd på i kommunen. Kraftstasjonen ligg ved Juvet like over Sandsbygda og nyttar fallet frå inntaksmagasinet Hiimsvatnet. Installert effekt er 3,5 MW. I dag er kraftverket verna. Sand kraftverk var starten på Suldal Elverk som i dag er slått saman med Haugaland kraft.

Sand safari er ei turløype som går gjennom strandstaden der du ved å scanne QR-kodane vil læra meir om den spanande historia her. På kvar post vil det dukka opp barn eller ungdomar som har vakse opp på strandstaden, nokon av dei på byrjinga av 1800-talet, to av dei på 1870-talet og andre tidleg på 1900-talet. Dei vil presentera seg sjølv og litt av strandstaden på den tid dei vaks opp.

Forteljar: Bjarte Helland/Haugaland Kraft I Film: Borghild Nerheim og Andreas Lange I Musikk: Folkemusikkarkivet I



Du er her –
Kulturløype illustrasjonskart

You are here –
Kulturløype illustrasjonskart
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.