Ulla-Førre utbyggina på 1980-talet var i si tid det største vasskraftprosjektet Nord-Europa med 2000 MW installert kapasitet, og sat Suldal på kartet som Noregs kraftstabbur. Anlegget består av Noregs største energimagasin Blåsjø, kraftstasjon i forhold til effekt (Kvilldal), pumpestasjon (Saurdal) og damanlegg. Den dag i dag kan ein ta turen til Blåsjø i sommarsesongen, som er eit flott område for sykling, tur og fiske.
Ulla-Førre utbygginga hadde også stor innverknad på Suldals-samfunnet. Suldal kommune, som på denne tida hadde 3600 innbyggjerar, fekk 1000 nye sambygdingar når anleggsfolka kom til prosjektet. Bustadområde blei bygd ut, ein fekk fornying av skular og barnehagar og det var store forbetringar i infrastrukturen.
Utbyggina hadde også innverknad på livet i Suldalslågen som mellom andre endra vassføring og endra vasskjemi. Det var større forskningsprosjekt sett i gong for å sørge for å ivareta livet, og villaksstamma, i Suldalslågen, og i dag er Suldalslågen ei av dei elvene i verda det er mest forska på. Innverknaden endringane kraftutbyggingane i kommunen har hatt på livet i elva er framleis eit tema for diskusjon.
I filmen til Statkraft kan du lære meir om utbygginga, den store ingeniørkunsten som kom fram av prosjektet og korleis dette annlegget er ein viktig del av norsk kraftproduksjon den dag i dag.