Bilde av bauta som er reist som minnesmerke
Foto: Privat

Kulturarv og kulturminne

Suldal har eit spanande kulturliv som strekk seg frå minne om dei som budde her for tusenvis av år sidan fram til dagens kulturtilbod. Her finn du informasjon om nokre av desse kulturminna.

Kulturminna i heiområda våre vitnar om at villreinfjellet har vore i bruk i uminnelege tider. Det kan vere spor etter jakt- og fangstbuplassar, bogasteller, dyregraver/fangstgroper, fangstmannsgraver og ein god del andre kulturminne ein kan sjå i fjellet - dersom ein veit kva ein skal sjå etter. Frå jernalder har vi helleristingar som viser reinsdyr og fangstgroper saman, og som gir viktig historisk dokumentasjon.

Vardar har nok dei fleste sett, og dei markerar vegfar og ferdavegar, gjerne til jaktplassar, støylar og buplassar. Varp, likkviler og brudled er andre typer kulturminner ein kan komme over. Det er viktig at ein ikke flyttar på desse eller vardesteinane og heller ikkje bygger nye. Kulturminna i heiane må få stå i fred, slik at framtidige generasjonar kan få oppleve dei.

Kulturminne i Suldalsheiane og HIDDEN-appen

I HIDDEN-appen finn du kartfesta kulturminner og GPS, slik at du kan ser kvar kulturminna ligg i forhold til der du er. I tillegg til at alle kulturminne som er registrert i den offentlege databasen www.kulturminnesok.no ligg i appen, er det også lagt inn utfyllande informasjon av andre aktørar.

Informasjonen i appen vil ofte gjere turen meir interessant for både store og små. Ein får kanskje hint om kva ein kan sjå etter, som ein kanskje ikkje ville ha lagt merke til ellers. Dette kan igjen gi liv til fantasien og ein kan prøve å forestille seg korleis folk har levd i tidlegare tider.

Ryfylkemuseet

I Suldal er me så heldige at me har vårt heilt eige regionale museum, Ryfylkemuseet. Dei har gjort eit fantastisk arbeid med å arkivere kulturminne, sikre godt vern om historiske bygg og formidle mykje av den rike historia me har. Dette gjer dei mellom anna ved å drifte ulike utstillingar og museumstun i heile Ryfylke. Dei har også ulike arrangement som bygger opp om deira visjon om å vera ein inkluderande møteplass for kunnskap og opplevingar.

På hovudsetet deira i Nesasjøhuset på Sand finn du også eit rikt utval av bygdebøker og anna lokallitteratur. Dei har også eit lokalarkiv.

Lær meir om Ryfylkemuseet ved å gå inn på nettsida deira: ryfylkemuseet.no

Kyrkjene i Suldal

Kyrkjene våre er ikkje berre viktige religiøse hus, men dei seier også mykje om bygdene og folka som levde der gjennom hundrevis av år. Å besøke ei kyrkje vil difor også gi deg ei forståing av det samfunnet du besøker, i tillegg til å utforske spanande byggeskikk og kunst frå den tida kyrkja blei bygd og brukt.

I Suldal har me kyrkjer på Sand, Jelsa, Erfjord og Suldalsosen, og det er kapell på Marvik og Nesflaten.

Kulturhuset i Suldal

Kulturhuset vårt er ein levande organisme som blir brukt kvar einaste dag, heile veka. Her finn du bibliotek, bowling, kafé, kino, kulturskule og utstillingslokale.

Kulturhuset i Suldal er teikna av arkitektkontoret Asplan Viak i Stavanger, og det opna 20. september 2002. Kulturhuset i Suldal ligg på Løhaugen i Sand i Suldal. Løhaugen er 1000-årsplassen på Sand. I 2006 fekk dei bygd eit ute-amfi som knyter kulturhuset og 1000-årsplassen saman.

Informasjon om kulturhuset, opningstider og aktivitetar finn du på suldal.kulturhus.no

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Berekraft
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.