Båthamn
Erøy småbåthamn © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Menneske på torg
Ryfylkedagane © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Grendesafari

Suldal har ei rekkje flotte grender, kvar med sin eigen unike sjarm. Her kan ein utforska nye område kvar einaste dag i veka!

Kommunesenteret Sand

Sand ligg i knytepunktet mellom Sandsfjorden, Saudafjorden og Hylsfjorden. Her finn ein små trehus med lokale kafear, utstillingar og nisjebutikkar. Sand er kommunesenteret i Suldal. Her er noko av det du kan oppleve på Sand:

Sikre deg ein god handel og eit godt kafebesøk med flott utsikt over Sandsfjorden i Sand sentrum eller på Garaneset. Det blir organisert torgutsal ved Sand torg faste dagar i månaden.

Utforsk utstillingane på Nesasjøhuset.

Ta eit bad ved Hydrokaien. Her kan ein også leige kajakk, SUP og anna utstyr.

Utfordre familien i bowling, få med dykk dei nyaste filmane på kino eller delta på eit kjekt arrangement ved Kulturhuset i Suldal.

Sjå kven som klarer å symja lengst og hoppa høgast ved Suldal Bad.

Utforsk dei to klaterparkane i sentrum.

Ta turen til Hellandsnuten for å nyta utsikta over fem fjordar, eller ta rusleturen via Høsebrua langs Suldalslågen, eller opp til Fiskebergåsen. Frå Fiskebergåsen får ein ei fantastisk utsikt over Sand sentrum.

Besøk Laksestudio og Suldal turistinformasjon ved Sandsfossen i sommarsesongen. Utanom sesong finn ein Suldal turistinformasjon på Garaneset.

Leig e-sykkel og legg ut på eventyr der du kjem tett på Suldalslågen og kvardagslivet på Sand.

Ta den kulturhistoriske løypa "Sand safari". Ved hjelp av QR-kodar vil du få innsikt i livet i strandstaden på 18 - og 1900 talet.

Bli med på aktivitetar som laksesafari, elveekspedisjon, padleturar og meir via våre reiselivsbedrifter.

Følg med på Facebookgruppa «Sand i Suldal» for informasjon om det som skjer.

Jelsa - den best bevarte strandstaden i Ryfylke

Jelsa er den best bevarte strandstaden i Ryfylke, og har fleire gonger blitt kåra til den mest idylliske staden i Rogaland. Her er noko av det ein kan oppleve på Jelsa:

Besøk Jelsa kyrkje og skulemuseet i sommarsesongen. Her kan du høyra spanande historier frå Jelsa og Ryfylke frå 1600-talet og fram til i dag.

Ta den kulturhistoriske løypa som går gjennom Jelsa sentrum. Gjennom QR-punkt kan du høyre historiar om Jelsa kyrkja, om "ja-benker" og om når straumen først kom til bygda.

Nyt nokre timar ved badestanda ved Jelsa kai eller i Jelsa sentrum.

Ta ein gåtur eller sykkeltur mellom kvitmalte trehus der du kjem tett på kvardagslivet.

Turen frå Jelsa til Erfjord via Foreneset gir fantastisk utsikt og mange blinkskot!

Bli med på guida tur i Økstrafjorden med Fjord Expedition.

Besøk eplegarden Fuglestein Fruktgard eller handle frå gardsutsalet deira ved vegen. Husk å bestille!

Erfjord - fjordidyll og yrande fugleliv

Erfjord er ei idyllisk fjordgrend med kjend for rikt fugleliv og fantastisk utsikt over fjordlanskapet. Her er noko av det ein kan oppleve i Erfjord:

Ta med familien på ein avslappa rusletur Erøy rundt med eit rikt fugleliv og flott fjordutsikt.

Nyt storarta utsikt ved storgarden Håland. Ryfylkemuseet har tunet ope utvalde dagar i året.

Prøv fiskelukka i Hålandselva eller i fjorden. Hugs å gjera deg kjend med lokale reglar og normar før du legg ut på fiske!

Nyt den fantastiske utsikta frå "Kammen".

Ta deg eit bad ved den sjarmerande badestranda Habn.

Ropeidhalvøya - fjordgrender med historisk sus

Ropeidhalvøya har ei rekke idylliske små grender tett på fjorden. Området har ei rik historie som strekk seg mange hundre år tilbake i tid.Her er noko av det ein kan oppleve på Ropeidhalvøya:

Besøk Torstein av Heimnes – eit minnesmerke etter ein av dei største vikinghøvdingane i Ryfylke.

Leig e-syklar og legg ut på sykkeleventyr gjennom idyllisk fjordlandskap.

Ta den kulturhistoriske løypa rundt Grytevatnet. Her får du høyre historiar om høvdingar, historiske funn og huldrekallar.

Ta turen til Grytenuten for ei av dei flottaste utsiktene i området.

Kom tett på båtlivet i Vatlandsvåg med butikk, toalett og moglegheiter for å leiga sykkel, båt og fiskeutstyr.

Reis på gardsbesøk med vinsmaking til Midtsommar på Hebnes. Husk å bestille!

Suldalsosen - tett på elv og vatn

Suldalsosen er ei idyllisk grend som dannar knytepunktet mellom Suldalslågen og Suldalvatnet. Her kjem ein tett på gode turopplevingar og det våte element. Her er noko av det du kan oppleve på Suldalsosen:

Ta ein rusletur eller sykkeltur tett på bygdalivet og Suldalslågen. Ein tur til Førlandsøyane eller langs Ritlandsvatnet er flott for dei minste.

Nyt rik natur opp til Vinjanuten og Stråpanuten der du stort sett får gå i fred.

Besøk dei historiske museumstuna Litunet og Kolbeinstveit. I sommarsesongen kjem dei til liv med vertskap og dyr.

Legg ut på Suldalsvatnet med båt eller kano. Er ein heldig kan ein få aure på kroken!

Nesflaten - vill natur og kraftarkitektur

Nesflaten er den nordlegaste grenda i Suldal og ligg idyllisk til i foten av fleire høge fjell og den nordlege delen av Suldalsvatnet. Grenda er kjent for gode naturopplevingar og sin unike kraftarkitektur. Her er noko av det du kan gjera på Nesflaten:

Utforsk kraftarkitekturen i Kilen-området der vestlandsnatur bryt med moderne funkishus.

Ta ein gåtur gjennom idylliske Nesflaten sentrum der ein kjem tett på høge fjell og Suldalsvatnet.

Ta turen til den ikoniske fjellformasjonen Nipe.

Utforsk eit rikt turnettverk og flotte turisthytter.

Leig e-sykkel og ta fatt på anleggsvegar stort sett frie for trafikk. Her kjem ein tett på fantastisk natur.

Vanvik - tett på Hylsfjorden

Vanvik er ei av fleire idylliske grender i Hylsfjorden - ein majestetisk fjord heilt nord i Ryfylke. Her er noko av det du kan gjera i Vanvik:

Besøk den imponerande Rosebua. Open for grupper på bestilling via Ryfylkemuseet.

Nyt ein avslappa dag ved Sanvikjå badeplass. Her har dei sandvolleyballbane, sitjeplassar og flytebrygge.

Nyt fjordlivet ved kaien med fiske og avslapping tett på vatnet.

Ta ein tur til fleire av dei flotte toppane i nærleiken. Her får du fantastisk utsikt over fjorden.

Dei fleste grendene har eigen nærbutikk. Her finn ein også ofte ei bensinpumpe, eit lokalt postkontor og gjerne eit lite utval av apotekvarer.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.