Fire bussar ved ein dam
© Suldalsbussen
Fire bussar ved parkeringsplass
© Suldalsbussen

Gruppetur

Ønskjer du deg til Suldal med ei større gruppe? Saman med Suldalsbussen og Reiseteam kan du bestille felles turbuss eller setje saman ein pakketur slik du sjølv ønskjer. Deira sjåførar har stor kunnskap om Suldal så her får ein ikkje berre buss, men god lokal kompetanse om lokale skattar og ein fantastisk guide til turen.

Gruppereiser

Suldalsbussen og Reiseteam har arrangert hundrevis av reiser for privatpersonar, firma, lag og organisasjonar med buss som utgangspunkt. I samtale med deg er dei med på å tilrettelegge det du treng av overnatting, mat og opplevingar. Treng du fly- eller båtbillettar kan dei også vera til hjelp her.

Leige av turbuss

Anten du treng ein komfortabel minibuss eller meir eksklusiv turbuss så har Suldalsbussen eit godt alternativ for deg.

Pakkereiser

Gjennom året arrangerer Suldalsbussen ei rekke ulike pakkereiser der transport, mat, opplevingar og overnattting er inkludert. Kanskje du ønskjer deg ein tur til vingarden på Hebnes eller ein guida padletur nedover Vestlandets mest vassrike elv? Desse pakkereisene kan du lese meir om på deira nettsider suldalsbussen.no og reiseteam.no

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.