Dam
Blåsjø © Statkraft. Foto: Ukjend
Veg ved vatn
Lovra ©Nasjonal Turistveg Ryfylke. Foto: Helge Stikbakke

Rundturar

Suldal ligg i knytepunktet mellom djupe fjordar og høge fjell, to nasjonale turistvegar, attraksjonane Preikestolen og Trolltunga, idylliske grender og bortgøymde badeplassar. Våre bygder er difor det perfekte utgangspunktet for å utforske det regionen har å by på. Her har du nokre av våre utvalde rundturar.

Utforsking av fjordøyane

Sand-Marvik-Vatlandsvåg-Hebnes-Jelsa-Sand

På denne køyreturen kjem du tett på noko av det flottaste Suldal kan tilby av rikt fjordlandskap, der fjorden ligg stille så langt du kan sjå og ein finn ei rekkje flotte utkikkspunkt og bortgøymde fjordgrender.

Turen startar på Ropeidhalvøya der du kan ta deg ein rusletur gjennom idylliske Marvik og Hebnes eller nyta ein is og og livet i båthamna i Vatlandsvåg. Kanskje tek de ein tur til Grytenuten eller ta den kulturhistoriske løypa rundt Grytevatnet? På Hebnes kan du besøke den første vingarden i Rogaland! Vidare kan du køyre til Jelsa, som er den best bevarte strandstaden i Ryfylke. Her kan du rusla mellom kvite trehus i sentrum, og gjennom den kulturhistoriske løypa kan du læra meir om lokalhistoria. Kanskje tek du ein lunsj på flotte Jelsa Hotell eller legg inn eit besøk til fruktgarden vår Fuglestein Fruktgard som har eige gardsutsal? Langs heile ruta finn du gode badeplassar, turstiar og sykkelmoglegheiter.

Køyrelengde: 80 km

Frå fjorden til høgfjellet, og ned att

Sand-Gullingen-Jøsenfjorden-Erfjord-Sand

På denne rundturen får ein med seg det beste frå både fjordlanskap og høghei. Turen startar i fjordbygda og kommunesenteret Sand, og tek deg langs den kjende lakseelva Suldalslågen før du tek av mot Gullingen. På små, snirklete vegar stig du raskt opp i høgdemeter til du kjem til tureldoradoet Gullingen. Her kan du nyta frisk luft, ta ein dusj i fossen, bada i Mosvatnet og utforska flotte tur – og sykkelstiar. Når ein er ferdig med å nyta høgfjellet tek ein vegen ned via Jøsenfjorden, og følgjer Nasjonal Turistveg via Erfjord tilbake til Sand. Ta gjerne ein stopp ved minnesmerket til Georg Fjellberg – eit flott utkikkspunkt!

Køyrelengde: 70 km

Kvardagsliv i fugleparadis

Sand-Erfjord-Bogsund-Jelsa-Sand

Jelsa er den best bevarte strandstaden i Ryfylke, og er kåra til den mest idylliske staden i Rogaland, medan nabobygda Erfjord har flotte fuglereservat perfekt for fugleelskaren. Fjordvegen mellom desse grendene kan få dei fleste til å mista pusten. Stopp gjerne ved gardsutsalet til Fuglestein Fruktgard på vegen eller ta ein lunsj ved Jelsa Hotell. Ved å kombinere begge grendene får ein med seg både rikt kultur – og naturliv, samstundes som ein kjem tett på kvardagslivet, gardar og fjordar. Jelsa kyrkje, Jelsa skulemuseum og museumsgarden Hålandstunet er også flotte stopp.

Køyrelengde: 75 km

Vasskraft og vill natur

Sand-Gullingen-Blåsjø-Sand

Bruk ein dag i vill høgfjellsnatur der du av og til kan føla at du har naturen heilt for deg sjølv! Turen startar på snirklete vegar til Gullingen der du køyrer vidare inn mot Blåsjø på smale anleggsvegar med flott utsikt over fossar, innsjøar og storslått natur. Når du ser ein enorm dam veit du at du snart er framme! Blåsjø er Noregs største damanlegg, og består av til saman 11 store og mindre dammar. Området er eit flott utgangspunkt for turgåing, sykling og fiske.

Obs! Vegen er stengt deler av året grunna snø.

Køyrelengde: 106 km

Fjordsafari til «byen»

Sand-Stavanger-Sand

Det er fjordvegen som har knytt saman bygdene innover Ryfylke gjennom historia, og Stavanger blir difor den dag i dag kalla «byen» av dei fleste fastbuande. Reis gjennom Ryfylke slik dei gjorde tidlegare ved å ta hurtigbåten frå Sand til Stavanger. Turen tek omlag to timar og gir eit heilt nytt perspektiv på fjordbygdene og dei høge fjella. Nyt nokre timar i oljehovudstaden Stavanger, der du kan rusla gjennom gamlebyen, dra på shopping og besøka ulike museum som ligg berre ein kort gåtur frå kaien. Om ettermiddagen eller kvelden tek du den same hurtigbåten tilbake til Sand.

Køyrelengde: Båtturen tek omlag to timar.

Frå fjord til isbre på våre Nasjonale Turistvegar

Sand-Jondal-Rosendal-Ølen-Sand

Gå frå idylliske fjordbygder til brevandring på nokre timar, langs to av dei flottaste vegstrekningane Noreg har å by på! På denne turen startar du i kommunesenteret Sand, og følgjer Nasjonal Turistveg Ryfylke opp til Røldal. Her fortsett du på veg Nasjonal Turistveg Hardanger mot Odda og vidare til Jondal. Herifrå tilbyr dei ei rekkje ulike opplevingar på og rundt breen Folgefonna. For ein rundtur tek ein vegen tilbake via Åkrafjorden. Langs vegen finn du ei rekke flotte opplevingar og utkikkspunkt. For ein lengre tur anbefaler me ein tur innom baroniet i Rosendal frå 1665.

Køyrelengde: 370 km

Discovery Route

Discovery Route er namnet på den historiske ruta langs RV 13 gjennom Fjord Noreg frå Stavanger til Bergen, langs Nasjonal Turistveg Ryfylke og Nasjonal Turistveg Hardanger. Ruta blei etablert på 1800-talet når gjester kom innover Ryfylke og Hardanger med hest og kjerre for å oppleva spektakulære fjell, isbrear, vatn, fossar og fjordar. Langs ruta finn du flotte overnattingsstader, opplevingar og turområde.

Gjennom UpNorway kan du oppleva Noregs mest berekraftige rundreise. Her tilpassar ein turen til dine ønskje og behov.

Køyrelengde: 350 km

NB! Køyrelengde på rutene varierer etter den bygda i Suldal du held til i.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.