Jente som spring ut i vatn
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Naturvett

Den unike og varierte naturen vår er ein fantastisk ressurs, og i Noreg er me også så heldige at me har felles rettar slik at me alle kan dra nytte av denne flotte naturen. Samstundes har me også felles ansvar i forhold til å sikre at me tek vare på naturen vår, med dyre- og planteliv. Her finn du ei oversikt over nyttig informasjon å ha med seg før du legg ut på tur.

Allemannsretten

Allemannsretten er ein del av friluftsloven og er heile grunnlaget for friluftslivet i Noreg. Den handlar om at me alle har same rett til fri bruk av naturen og gir oss fri og gratis tilgong på ferdsel til fots og på ski i utmark, samt retten til opphald som telting, bading, rasting og hausting. Allemannsretten inneheld likevel ikkje berre rettar, men også plikter. Når du nyttar deg av allemannsretten har du ansvar for å opptre hensynsfullt og varsamt. Her er nokre viktige hugsereglar:

  • Allemannsretten gjeld i hovudsak for utmark. Det betyr at gardsplassar, hustomter, industriareal, dyrka jord, åker og eng i hovudsak ikkje hamnar inn under Allemannsretten.
  • Hugs 150 meters regelen, som betyr at telting må skje 150 meter frå hus og hytte.
  • Allemannsretten gjeld ikkje for ferdsel med motorkjøretøy
  • Hugs å vise omsyn til andre personar, dyreliv og planteliv. Dette gjer ein mellom anna ved å ikkje legge igjen søppel, halde seg til stien, vera varsam med bruk av eld, følgje reglar for bandtvang og hugse at nokre former for bær, blomar og sopp er freda.
  • Det er generell bandtvang for hundar i perioda 1. april til 20. august. I Suldal er det utvida bandtvang i beiteområde og verneområde.
  • Det er generelt bålforbod frå 15. april til 15. september.

Les meir om Allemannsretten her.

Verneområda

I Suldal er ein fjerdedel av arealet vårt verna natur. I fleire av desse verneområda gjeld eigne reglar, som ofte kan vera strengare enn andre stadar. Besøk svr.no for meir informasjon.

Fjellvettreglane

Fjellvettreglane blei for første gong introdusert i 1950, etter ei rekke ulykker og dødsfall i påska det året. Den gong blei dei kalla "Fjellreglane". Etter ein ny påske med mange ulykker introduserte Den Norske Turistforening og Røde Kors i 1967 kampanjen "Velkommen til fjells, men ta ansvaret sjølv". Sidan den gong har Fjellvettreglane vore ein del av den norske kulturarva. Den dag i dag blir desse reglane oppdaterte for å sikre at dei tilpassar seg turvanar, utstyr og kunnskap om naturbruk som heile tida er i endring.

Les Fjellvettreglane på ut.no her.

Generelle fiskereglar

I Noreg har ein store moglegheiter innanfor fiske i både fersk- og saltvatn. Til saman har me heile 332 fiskeartar i norske farvatn. Ein har ei rekke ulike reglar som gjeld for fisket, der ein i hovudsak deler mellom fiskerettar for saltvatn og for elver og vatn med ferskvatn. For vassdrag med laks, aure og røye er det spesielle reglar.

  • Fiske i saltvatn: Å fiske i saltvatn er genrelt sett rekna som ein Allemannsrett. Du skal likevel ikkje fiske nærare grensa til elver enn 100 meter, og det finst ulike freda soner. Det finst også nokre freda fiskeartar, det er nokre restriksjonar på bruk av reiskap og du skal rapportere mista fiskereiskap. Last gjerne ned "Fritidsfiskeappen".
  • Fiske i ferskvatn: For fiske i ferskvatn treng må du kjøpe fiskekort av grunneigar. Fleire av desse ligg inne på inatur.no. Born under 16 år kan fiske utan fiskekort, men må ha gyldig ID. Også i ferskvatn skal du halde avstand på 100 meter frå elver/sjø. Hugs at det også kan vera ulike lokale restriksjonar, og at det gjerne er eigne reglar for verneområda.
  • Fiske etter laks, aure og røye: For å fiske etter laks, aure og røye må du kjøpe fiskekort hjå grunneigar og betale den årlege nasjonale fiskaravgifta. Det er eigne fiskereglar for kvart vassdrag. Er du ny i ei elv kan det vera lurt å ha med seg ein lokal fiskeguide første gong.

Jaktreglar

Jakt har ei lang tradisjon i Noreg og er ein del av vår natur- og kulturhistorie. Jakta bidreg til å regulere viltbestandar, samtidig som den skal vera berekraftig og human. Dette betyr at jakta føregår på ein slik måte at ein ikkje reduserer bestanden for framtida og at dyret ikkje skal bli utsett for unødige lidingar.

I hovudsak deler ein inn jakta i storviltjakt og småviltjakt, der det er ulike reglar og føringar som gjeld. Oversikt over dette finn du på Miljødirektoratet sine sider.

Vasskvalieten på badeplassar

Suldal kommune målar fast vasskvaliteten ved fleire badeplassar i kommunen etter EU sitt badevassdirektiv. Desse er Neset på Sand, Habn i Erfjord, Jelsa kai og Mosvatnet. Resultata blir delt på kommunen sine sider her.

Skred- og isfare

Heiane våre byr på fantastiske turmoglegheiter, også vintertid. På slike turar må ein imidlertid vera obs på snøskredfare og skiftande verforhold. På turar utanom preparerte løyper, gjerne i bratt terreng, må den enkelte må ta ansvar for å ikkje sette seg sjølv eller andre i fare. Er du ny i området eller har liten erfaring frå slike turar er det alltid å anbefale å nytte ein lokal, sertifisert guide. Ta gjerne kontakt med oss slik at me kan setje deg i kontakt med aktuelle aktørar.

Vinterstid må ein også vera varsom for usikker is. I Suldal er fleire vatn regulerte, og då aukar faren for usikker is. Pass på at isen er trygg før du legg ut på den, hald deg utanføre usikre område (elveinntak, område med sterk straum, m.m.) og følg retningslinjer for ansvarleg ferdsel på isen.

varsom.no får du siste nytt om naturvarslar i det området du skal ut, i tillegg til eigen snøskred-skule og is-skule.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Berekraft
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.