Faste rutinar og prosessar for kvalitetssikring av dine tilbod og opplevingar er ein viktig del av arbeidet med å heile tida utvikle og betre produkta våre. Det finst ei rekke ulike program og løysingar for kvalitetssikring av dine tilbod, alt etter kva bransje du representerer. Ta gjerne kontakt med oss så set me deg i kontakt med eit kvalitetssikringsprogram som passar deg.
Risikostyring er ein viktig del av arbeidet med å tilby aktivitetar og tilbod på reisemålet. Å sikre at ein har kartlagt og minimert risikoen ved dei ulike tilboda er eit ansvar som ligg til kvar enkelt aktør. I Suldal har me fleire gode samarbeidspartnarar som kan bistå deg i dette arbeidet. Ta kontakt med oss slik at me kan finne gode alternativ for di verksemd alt etter kva ditt behov er.
Destinasjonsleiinga utfører tilsvarande fast ein risikoanalyse for reisemålet som ein heilskap. Les meir på bransjesida til Visit Suldal eller ta kontakt med oss for meir informasjon.
Skattkammeret Suldal har ein eigen logo som skal bidra til auka merkevarebygging. Logoen består av eit ikon og eit namnetrekk.
Ikonet symboliserer både at «skattane» i kommunen stråler ut, i tillegg til at det kan symbolisere vassdråpar som igjen blir viktig kraft for industri og anna næring i kommunen.
Namnetrekket er sett i ein typografi som har eit reint uttrykk og som er godt lesbar. Namnetrekket skal symbolisere styrke og stabilitet, og vera ein kombinasjon mellom harde og mjuke former.
Logoen består av to element: symbol og namnetrekk. Logoen skal alltid bli brukt i si opprinnelige form. Fargar, skrift og avstandar skal ikkje bli endra. Namnetrekket i logo skal alltid bli brukt i 100% svart eller kvit. Logoen i fargar skal alltid stå på ein bakgrunn som gir god lesbarheit og kontrast til fargane.
Hovudlogoen i ein farge kan bli brukt i 100% svart eller i 100% kvit.
Logoen bør ikkje bli brukt i mindre storleik enn 15 mm breidde for at den skal vera godt lesbar på trykk. På digitale flater er minste storleik 75 pixlar breidde.
For å sikre logoens eigenart bør det ikkje plasserast andre element nærmare enn feltet rundt logo, markert som stipla ramme under. Feltet er definert på alle logo versjonar i profilen.
Logoen skal alltid bli brukt etter retningslinjene i denne manualen. Her følger nokre eksempel på rett og feil bruk av logo.
Det er fire hovudfargar i Skattkammeret Suldal sin profil, blå, grøn, raud og oransj, samt ein nøytral svart (kvit) tilleggsfarge. Fargane er definert etter Pantone fargesystemet. Fargane kan bli prukt med 4-farge CMYK profilar til print og RGB profilar til skjermar. Fargane i profilen skal brukast i full metting og skal ikkje nedtonast.
For å sikre eit samla uttrykk i all marknadsmateriell er det naudsynt med konsekvent bruk av same skrifttypar. Dette skapar eit ryddig uttrykk, bidreg til merkevarebygging og styrkar omdømmet. Ein bør kun bruke skrifttypane som er definert i profilhandboka. I overskrifter, ingressar og brødtekst skal skrifttypen Gotham eller den kondenserte versjonen Gotham Narrow bli brukt. Alle snitta av fonten kan bli brukt. Under viser eit utval snitt. Til intern bruk, og i tilfelle kor det ikkje er mogleg å bruke hovud skrifttypen, skal skrifttypen Arial bli brukt.
I profilen er det utforma ein tag. Tag skal i hovudsak bli brukt av kommune og offentlege aktørar, men kan og bli brukt av næringsliv og private aktørar som ønsker å profilere Suldal i marknadsføring. Fleire tag'ar skal ikkje bli brukt saman/på same produkt. Typografi, form og fargar skal ikkje endrast. Ein kan bruke alle fargeversjonane av tag som vist her. Minste anbefalt storleik for tag er: Trykk = 20 mm breidde. Digitalt = 80 pixlar breidde.
Skattkammeret Suldal tag på andre språk kan bli brukt i marknadsføring spissa mot internasjonale målgrupper. NB! På produkt med fleire språk i tillegg til norsk, skal i hovudsak tag på norsk bli brukt. Typografi, form og fargar skal ikkje endrast. Ein kan bruke alle fargeversjonane av tag som vist her.
For at Skattkammeret Suldal tag skal bli oppfatta som eit merke og ikkje ein logo, skal den alltid plasserast langs øvre kant på eit dokument eller eit bilete. Tag skal ikkje plasserast i nærleik til eigen aller annan logo. Tag bør i størst mogleg grad bli brukt saman med hovudlogoen, då det vil koble elementa saman og bidra til auka merkevarebygging. Under er nokre eksempel på bruk og plassering av tag elementet. Eksempla bruker grafiske element og fargar frå Skattkammeret Suldal sin profil.
Eksempel på bruk i fleirspråkleg marknadsføring
Bruk av Skattkammeret Suldal tag på andre språk skal gjerast i tråd med gitte retningslinjer på føregåande sider. Eksempla under viser bruk av tag på einspråkleg og fleirspråklege produkt.
Fargane er viktige verkemiddel i den visuelle identiteten til Skattkammeret Suldal. Dei komplimenterer bilete og knyter dei grafiske elementa til profilen. Fargane kan bli brukt som bakgrunnar, til tekstblokker, til framheving av tekst eller som støtteelement til overskrift. Alle hovudfargane i profilen kan bli brukt som dekorelement. Fargane kan brukast i kombinasjonar som gjev god nok kontrast for lesbarheit, og balanse med bilete og andre element.
Bruk av bilete med unike motiv knytt til Suldal er ein viktig del av identitetsbygginga i Skattkammeret Suldal sin profil. Bileta skal vere i god høgoppløselig kvalitet og i størst mogleg grad tatt av profesjonelle fotografar. Under er nokre eksempel på bilete som inngår i profilen.
Eit online biletarkiv for Skattkammeret Suldal blir administrert Næringshagen i Ryfylke. For tilgong til arkivet og nedlasting av bilete, ta kontakt på post@nhryfylke.no.
Eksempel under viser bruk av Skattkammeret Suldal logo, tag og element frå profilen i trykksak for Suldal kommune.
Eksempel under viser bruk av Skattkammeret Suldal logo, tag og element frå profilen i marknadsføring av reiselivet i Suldal.
Eksempel viser bruk av Skattkammeret Suldal logo, tag og element frå profilen på digitale flater.
Eksempel viser bruk av Skattkammeret Suldal logo, tag og element frå profilen i skilting og merking.
Eksempel viser bruk av Skattkammeret Suldal logo, tag og element frå profilen i Microsoft Office malar.
Last ned profilhandboka