Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Skattkammeret Suldal. Foto: Uvisst/Stavanger byarkiv

Historien om lakselordane

Suldalslågen er ei av livsårene i kommunen, og rommar mykje historie. Her kan du lese om når lakselordane kom til Suldal, og korleis dei påverka kommunen. Det var vanleg at engelskmenn kom til Noreg på 1800-talet for å fiske laks. For dei var det hobby og sport, mens dei norske bøndene fiska for maten sin del. Bøndene med lakserett kunne tene godt med pengar på engelskmennene.

Walter og Alice Archer

I 1883 var ekteparet Walter og Alice Archer på båttur i Vest-Noreg på leit etter ei lakseelv. Dei fann Suldalslågen, og etter berre eit år hadde Walter Archer kjøpt opp fiskeretten for heile 40 år, frå Roalkvam nord i Suldalsvatnet og heilt ut til Jelsa! Han freda laksen, med unntak av engelskmenn som ville fiske med floge, og laksebestanden i Suldalslågen auka.

Ekteparet Archer slo seg ned på Rophaug på Sand, og bygde det første såkalla lakseslottet. Etterkvart kom James Hunter og bygde Hiimsmoen, og Victor Campbell bygde Juvåsen. På Lunde på Suldalsosen bygde Montagu R. Waldo Sibthorp lakseslottet Lindum. Desse flotte bygga ruvar framleis i Suldalslandskapet, og Lindum er blitt til campingplass for den som ynskjer ein tur innom og sjå lakseslottet på nært hald.

Alice Archer var interessert i fotografi, og takka vere ho har me den dag i dag mange bilete frå tida deira i Suldal. Ho sto også for at hafen på Rophaug var ein av dei vakraste i området.

Engelskmennene vart godt likte av suldølen; dei la att mykje pengar og vart arbeidsgjevarar for mange i dalen. Dei var overklassefolk og hadde ein viss standard, og mange suldøler blei tilsett som blant anna tenestefolk og roarar. Suldølen som vart i teneste hjå engelskmennen krevde likevel ein ting i arbeidskontrakten sin: dei skulle ha minst ein dag i veka der dei fekk ete noko anna enn laks!

Åra gjekk og snart var leigetida til Archer over. No vart han bekymra for to ting: at overfisket av laksen skulle ta seg opp att, og at kraftutbygginga av Lågen skulle påverke laksen. Norsk Hydro var nemleg i 1908 i gong med planar om denne kraftutbygginga, og Archer gjekk heilt til statsminister Knudsen med bekymnringane sine. Han fekk ikkje noko svar, og døydde i 1917. Han, med slekt og andre engelskmenn, ligg gravlagd på Sand kyrkjegard.

Leigetida til Archer gjekk ut i 1924, og etter 40 år med freding var Suldalslågen blitt ei rik lakseelv. Somme seier ein kunne køyre heim heile hestelass med laks etter at kjera ved Sandsfossen vart tømde om kvelden. Det vart strid om fiskerettane, særleg i elvaosen, og fleire rettsaker måtte til.

Tragedie

I 1904 var tenåringsjenta Viva Settle på besøk i Suldal med familien sin. Dei besøkte Campbell på Juvåsen, og ein dag dei var nede i Sandsfossen skjedde det ei tragisk ulukke: Viva møsta fotfestet og datt i fossen og drukna. Høyr historia hennar her.

Kjelde: miljostatus-suldal.no

Ekstraskattar: I dag kan du lese meir om historien til Suldalslågen i Laksestudio som er ope i sommarsesongen. Du kan sjølv prøve laksefiske og kjøpar fiskekort hjå grunneigarane. Du kan også få oppleve laksen på anna vis gjennom laksesafari eller elveekspedisjon hjå Mo Laksegard. Du kan også sjå laksen på si ferd oppover Hålandselva (som er freda for fisket) eller Ullaelva (kjøp fiskekort på inatur.no).

No items found.

Tilknytta Skattar

Mat & overnatting

Lindum camping

Lindum Camping, Suldalsosen

Lakseslottet Lindum er eit imponerande bygg frå tida då engelskmennene kom til Suldal for laksefiske. I dag tilbyr dei camping og hytter i avslappa omgjevnadar.

Mo Laksegard

Mo Laksegard, Sandsbygda

Utforsk Mo Laksegard i Suldal for enestående lakseopplevelser, lokal mat og unike overnattingsmuligheter ved Suldalslågen. Perfekt for natur- og matentusiaster.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.