Suldal kjem til live i ny drakt i vinterhalvåret, og når snøen legg seg kjem det heile 70 km av oppmerka skiløyper fram i terrenget. Her kan ein nyte ein roleg tur i ei av våre skiløyper, ta med familien til skileiken, frese nedover slalombakken ved Gullingen eller prøve seg på ein av våre flotte toppturar der ein av og til får følelsen av å vera heilt åleine på toppen av verda. Avslutt dagen med middag på våre kafear, i Suldal Bad eller i ein vedfyrt stamp. Om vinteren er det også mykje aktivitet i grendene våre med arrangement, butikkar, kulturhus og museum.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.