Oversikt over alle skispora i Gullingen finn du i løypekartet her på visitsuldal.no og på utvalde butikkar. I tillegg får du på denne nettsida oversikt over kva løyper som har Løypekjoraren har gått opp til ei kvar tid. Løypekjoraren legg også ut regelmessige oppdateringar på si Facebookside og Instagramside. Du finn han ved å søke etter "Loypekjoraren på Gullingen".
GullSpor organiserer også ein skileik fast i vintersesongen med ei rekke kjekke aktivitetar for heile familien. Når forholda tillet det er det også bemanna skileik i vinter- og påskeferie. Kvar skileiken blir lagt kjem an på snøforholda så følg med på "Løypekjøraren på Gullingen" sine sosiale kanalar for informasjon.
Me oppmuntrar dei som nyttar skispora i Suldalsheiane fast om å legge igjen spor etter seg ved å gi eit bidrag til GullSpor AS. Dette kan ein gjera via VIPPS til 87021 og til kontonummer. Anbefalt beløp er 500-1000 kr per sesong.
No items found.