Suldal er eit paradis for den ivrige turgåar med 5 av dei 7 høgaste toppane i Rogaland i vår kommune. Heile året kan du nyta eit rikt nettverk av toppturar, rundturar og meir avslappande ruter for alle nivå og ønskje. Her får du fantastisk utsikt over fjord og fjell som lønn for strevet. Kva med ein tur til Stranddalen turisthytte for tradisjonsrik komle i frisk fjelluft? Eller kanskje ein tur til Hellandsnuten der du får utsikt over fem fjordar? Suldølen sjølv konkurrerer i "Nutfant"-konkurransa der ein skal få med seg 6 nutar i løpet av eit år. Les meir om konkurransa nedanfor.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.