Fin rusletur i lettgått terreng med Ritlandsvatnet som næraste nabo.
Parker ved parkeringsplassen ved Kvednahola på Vasshus. Turen går på skogsveg langs Ritlandsvatnet inn til Vassbotn, vidare på sti gjennom Bydalen til riksvegen. Tilbake til bilen langs riksvegen. Det er rik vegetasjon knytt til små myrdrag og eldre furuskog i Vassbotn.
Fakta om turen:
Tid: 2 timar
Avstand: 6 km
Gradering: Lett (grøn)
Høgste punkt: 71 moh
Tilkomst: RV 13, Vasshus.
Godt tilrettelagt: Turen langs Ritlandsvatnet går på brei, gruslagt sti. Ein må rekne med noko stigning. Deler av året er startspunkt for ruta dekka av elv.
Familietur ved Ritlandsvatnet
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.