Kvitebjørnen
“The Polar Bear”, Ryfylkemuseet © Ryfylkemuseet Foto: Ryfylkefotografen
Kvitebjørnen
Kvitebjørnen © Ryfylkefotografen

Kvitebjørnen - Ei interaktiv utstilling for born

Tre inn i utstillinga "Kvitebjørnen" på Nesasjøhuset ved Ryfylkemuseet på Sand, der barna plutseleg blir ein del av eit spennande eventyr. Her møter ein kongar og prinsesser, og ein kan danse i speglsalen.

Kvitebjørnen-utstillinga er for born, og bygger på ei historie av den lokale forfattaren Rasmus Løland. Historia handlar om gutane Pål, Gunnar, Kolbjørn og Anders på 12 år som har særs god fantasi. Ein dag lager dei ein kvitebjørn som dei huler ut og krabbar inn i. Plutseleg starter dei å tenke at Kvitebjørnen kan bevege på seg, og tek dei med på ei lang reise mot Nordpolen før dei drar mot det kongelege slottet. På vegen ser dei mykje spennande, og får ei veldig spesiell oppgåve frå ein av kongane dei møter. Klarer dei å redde prinsessa?

Utstillinga held ope heile året. Meir informasjon om opningstider og prisar finn du på ryfylkemuseet.no.

Godt tilgjengeleg: Nesasjøhuset har inngong og toalett tilrettelagt for rullestolbrukarar. Utstillingane ligg i andre og tredje etasje, der ein har eigen heis som blir tatt i bruk ved behov. Det er god plass og godt lys i utstillingane, butikk og kafe.

Kvitebjørnen - Ei interaktiv utstilling for born
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);