Strandstaden Sand var ein viktig handelsport for båtbygging på slutten av 1800-talet. Jekta "Brødrene af Sand" står framleis ved Hydrokaien på Sand dei fleste dagane i sommarhalvåret som ein påminnar om denne tida.
Jekta blei bygd i 1866, og Ryfylkemuseet tok over "Brødrene af Sand" i 1997. Då restaurerte jekta slik at den kom tilbake i si orginale form. I dag blir jekta drifta av ei venneforeining som har ansvaret for vedlikehald og for å ta jekta ut på tur. Både kaptein og mannskap jobber frivillig.
Det er mogleg å få guida tur ombord i båten og seglturar for grupper ved bestilling via Ryfylkemuseet. Les meir på ryfylkemuseet.no.
“Brødrene af Sand”
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.