Menneske på skitur.
Skitur © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto.
Menneske i boblebad
Skitur © Skattkammeret Suldal. Foto: Ryfylkefotografen

Topp 10 vinteropplevingar

Nyt gode vinterdagar i Skattkammeret Suldal. Her kjem du raskt frå fjorden med livlege grendesentrum til høgheia med milevis med skiløyper, skitrekk og gode vinteropplevingar. Her er våre 10 beste tips til kjekke vinterdagar i Suldal.

1. Milevis med merka skiløyper og spanande terreng

På Gullingen finn du ei rekkje flotte skiløyper for alle aldrar og ønskje. Frå parkeringa i Breiastøldalen, Mosvatnet og Hedlebrekk/Fjellbergskardet finn du flotte løypenettverk. Ved Mosvatnet og Fjellbergsskardet går lysløypa for dei som ynskjer sge ut i skisporet etter at sola har gått ned.

For dei som heller går på fjellski anbefalar me ein tur over Reinsheia eller til Natlandsnuten. Ta med deg ei god niste og nyt ein dag i fjellet.  

Følg "Loypekjoraren på Gullingen" på Facebook for siste nytt frå skiløypene på Gullingen.

2. Ta med familien til Suldal Bad eller ein kveld i vedfyrt stamp

Suldal sitt eige folkebad, Suldal Bad, byr på symjebasseng, terapibad, klatrevegg, sklie, hoppetårn, badstue og utandørs boblebad, alt med fantastisk utsikt over fjordlandskapet. Ein kan også leiga seg ein vedfyrt stamp for kvelden frå Mo Laksegard og Vikane Hyttetun, eller nyte utsikta frå saunaen til Ryfylke fjordhotell.

3. Nyt god lokalmat frå Suldal og regionen

I Suldal kan du velja blant ei rekkje gode kafear og restaurantar der lokale tradisjonar står sterkt. Få med deg komletorsdag i kommunesenteret, prøv Suldal sin heilt eigen kaffi «Suldalsskvetten», nyt ein fire-rettars middag på designhotell, bli med på guida tur i gardsbryggeri eller ta middagen med panoramautsikt over Sandsfjorden.

Oversikt over matopplevingar i Suldal finn du under "Matskattar i Suldal" under "Bli inspirert".

4. Topptur og action

Snønuten og Reinsnuten på randoneeski er kjekke turar og gir utsikt ein seint vil gløyma. Hugs å sjekke forholda før du legg ut på tur og vurder alltid skredfare og vèr. Andre anbefalte toppturar i kommunen går til Mælen eller Bøljanuten.

Turane kan sjølvsagt også gåast på fjellski.

5. Nyt ein dag i skitrekket

Ta med deg familien for ein dag i skitrekket på Gullingen. Skitrekket er 800 meter og har tre nedfartar. Det er eigen barneskiheis. I botn av skitrekket finn du varmestova der ein kan kjøpe mat og drikke.

Les meir på Facebooksida "Gullingen turistsenter, skisenter og fjellcamping".

6. Besøk kommunesenteret Sand med kafear, museum og lokale butikkar

Kommunesenteret Sand ligg tett på Sandsfjorden med ulike nisjebutikkar, kafear og museum. På Nesasjøhuset til Ryfykemuseet kan dei minste kle seg ut som konge og dronning, og besøke Kvitebjørnen. I Sand sentrum finst det også balansepark for dei yngre. Utvalde dagar er det torgutsal på Torjå.

I desember arrangerer ein også julemarknad og julegateopning. Følg med på "HandelPaSand" på Facebook for meir informasjon.

7. Utfordre familien i skileiken

Kvar vintersesong blir det lagt til rette for skileik med kulekjøring, alpin, hopp og mykje meir i Breiastøldalen og ved Gullingen turistsenter. Her kan heile familien utfordra seg på ulike skikunster!

Følg "Loypekjoraren på Gullingen" på Facebook for oppdateringar frå skileiken.

8. Få flotte naturopplevingar i grendene våre

Frå kvar enkelt grend i Suldal får du flotte naturopplevingar tett på fjord, fjell, vatn og elv. Frå Ropeidhalvøya kan du ta inn fjordlandskapet frå Grytenuten, på Suldalsosen kan du vandra langs Suldalslågen og i Erfjord kan du ta ein rusletur i fjordkanten. Du får tak i turkart for alle grendene ved utvalde butikkar og på Suldal turistkontor.

9. Ta med deg familien på kino, bowling eller konsert

Kulturhuset i Suldal tilbyr kino med dei nyaste filmane fleire dagar i veka. I tillegg har dei eigen bowlingbane med tre banar. Gjennom heile året tilbyr Kulturhuset ei rekkje gode konsertar og framsyningar for alle aldrar. Programmet finn du i arrangementskalenderen vår her eller på suldal.kulturhus.no.

10. Senk pulsen hjå våre hytter og hotell

I Suldal kan du velje på øvste hylle blant flotte overnattingsstader, frå designhotell i fjellbygd til laksegard og tradisjonsrike hytter ved vatn, elv og fjord. Full oversikt over våre hytter og hotell finn du her.

Ynskjer du fleire forslag til gode opplevingar i Suldal kan du lese her eller laste ned appen vår "Visit Suldal" i Google Play eller App Store. Me høyrer også meir enn gjerne frå deg på suldal@visitsuldal.no eller via melding på Facebook og Instagram om du treng hjelp eller tips til planlegginga!

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.