Mann med stjernehimmel
Stjernehimmel © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal foto
© Skattkammeret Suldal. Foto: Espen E. Søreng

Topp 10 haustopplevingar

På leit etter kjekke opplevingar og aktivitetar til haustferien, eller kanskje du planlegg ein kortferie eller helgetur til Ryfylke denne hausten? I Suldal kan du vakna opp til utsika over fjell, fjord, vatn og elv med ei rekkje gode natur – og kulturopplevingar som ventar på deg. Her er våre topp 10 haustopplevingar i Suldal.

1. Haustens kulturprogram

Ved Kulturhuset i Suldal kan ein få med seg ulike konsertar, framsyningar og besøke Ryfylkebiblioteket. For hausten 2024 tilbyr Kulturhuset blant anna konsert med Mari Boine, BAdesken kjem på besøk, og Kyiv-balletten visar framsyninga "Nøtteknekkeren". Ryfylke kunstlag har også utstillingar på kulturhuset gjennom hausten.

Hjå hovudsetet til Ryfylkemuseet, Nesasjøhuset, kan ein få med seg kjekke utstillingar for heile familien.

I haustferien arrangerer ein også handelsdagar i kommunesenteret. Les meir på Facebook-gruppa «Sand i Suldal».

Kvar haust blir også Haustmarknaden på Møgedal arrangert - med god handel, utstilling av sau, lokale matvarer og mykje meir.

Oversikt over haustprogrammet får du under "Kva skjer" her på visitsuldal.no og ved å laste ned appen "Visit Suldal".

2. Kortreiste matopplevingar

I Suldal har me ei rekke flotte heilårsopne kafear og restaurantar. I kommunesenteret Sand finn du KULP, Ryfylke Fjordhotell og Drøs. I tillegg har overnattingsstadane våre tilbod om servering og gode matopplevingar på bestilling der ein kan besøkja vårt heilt eige gardsbryggeri eller nyte firerettars middag i eit designhotell. Du finn også ei rekke gode gardsutsal spreidd utover kommunen vår. Les meir om mattilbodet i Suldal under fanene "Mat & Overnatting" og "Bli inspirert".

Kanskje finn du din neste favorittplass for kantarell?

Hausten 2024 blir igjen "minifestivalen" Kortreist arrangert 14. september.

3. Ut på vatnet med båt og kano

I Suldal har me ei rekkje flotte fjordar og fjellvatn ein kan legge ut på. I fjorden står ein fritt til å fiska så lenge ein held seg unna dei freda områda tett på lakseelver, medan ein i fjellvatna våre kan skaffa seg fiskekort frå inatur.no. Frå Vikane Hyttetun kan ein leiga båt og kano til flotte Suldalsvatnet. Frå Gullingen turistsenter kan ein leiga båt og kano til Mosvatnet. Frå Ryfylke Fjordhotell kan ein leige utstyr til Sandsfjorden. Frå Joker Vatlandsvåg og Hebnes Fjordferie kan ein leiga båt til å leggja ut på fjorden med. Kanskje får du storauren i Suldalsvatnet på kroken?

Fiskekort kjøpast på inatur.no. Hugs å lese deg opp på reglar o.l.

4. Helse og velvære

Hjå Suldal Bad finn du symjebasseng, terapibad, sklie, stupetårn, klatrevegg, badstue og utandørs boblebad. Heile anlegget har fantastisk utsikt over fjorden og naturen rundt. Ein kan også leige privat stamp. Hjå Mo Laksegard får du utsikt over Suldalslågen, medan du frå Vikane Hyttetun får utsikt over Suldalsvatnet. I Sand sentrum finn ein også treningssenter og Ryfylke fjordhotell har sauna med fjordutsikt.

5. Nyt haustens fargar frå ein fjelltopp

Ingenting er flottare enn gode turopplevingar når naturen viser seg i sin flottaste fargedrakt! I Suldal finn du Rogaland sine høgaste toppar som som Snønuten og Vassdalseggi. For dei som søkjer dei litt lågare toppane med fantastisk utsikt kan ein ta seg til Napen, der ein føler at ein er på toppen av Roglands tak. Frå Hellandsnuten har ein utsikt over fem fjordar, medan Onglanuten er ein flott tur for heile familien der ein får utsikt nedover dalen til Sand og Sandsfjorden. Oversikt over flotte turruter finn du her.

6. Rusleturar for store og små

Suldal byr på flotte turopplevingar for dei som ikkje ønskjer dei lengste og brattaste rutene. Tett på grendene våre finn du kjekke rusleturar tett på fjord, elv og vatn som passar born i alle aldrar. Du får tak i gratis turkart for kvar grend under "Vandring" på visitsuldal.no, hjå Suldal turistkontor og i utvalde butikkar.

Langs Sand safari-ruta går du gjennom Sand sentrum, langs Suldalslågen og forbi Sandsfossen og prisvinnande Høsebrua. På turen Erøy-rundt kjem ein tett på fjorden og fugleliv. Ut Førlandsøyane kjem ein tett på elva med mykje kjekt å utforska og oppdaga for dei minste. Turen langs Ritlandsvatnet er godt eigna for barnevogner. Alle turforslaga våre finn du her.

På Sand, Jelsa og Ropeidhalvøya er det også eigne kulturhistoriske løyper der ein kan læra meir om høvdingar, turbulente presteval, "ja-benker", storbrannar og skipsbygging. Les meir i appen "Visit Suldal".

7. Gode sykkelopplevingar

I Suldal finn ein ei rekke flotte sykkelopplevingar der ein kjem tett på naturen og omgjevnadane. Frå Nesflaten, Suldalsosen og i Suldalsheiane finn ein smale, idylliske anleggsvegar som snor seg innover landskapet. Sykkelvegen langs Blåsjø gir deg spektakulær arkitektur i samspel med naturen. Les meir under "Sykkel" her på visitsuldal.no.

8. Små- og storviltjakt

Suldal er eit eldorado for reinsjakt, småviltjakt og storviltjakt - med milevis av fjell og skog. Les deg opp på reglar og kjøp kort på inatur.no.

9. Besøk kommunesenteret Sand med kafear, museum og lokale butikkar

Nyt ein dag med hausthandel i kommunesenteret Sand, som ligg tett på Sandsfjorden med ulike nisjebutikkar, kafear og museum. På Nesasjøhuset til Ryfykemuseet kan dei minste kle seg ut som konge og dronning, og besøke Kvitebjørnen. I Sand sentrum finst det også balansepark for dei yngre. Utvalde dagar er det torgutsal på Torjå. Følg med på SandiSuldal på Facebook for meir informasjon.

10. Eit breitt utval av hotell og hytter

I Suldal kan du overnatta på designbygg, tradisjonsrike hyttetun og fjordnære hotell. Heile oversikta finn du her.

Ynskjer du fleire forslag til gode opplevingar i Suldal kan du lese her eller laste ned appen vår "Visit Suldal" i Google Play eller App Store. Me høyrer også meir enn gjerne frå deg på suldal@visitsuldal.no eller via melding på Facebook og Instagram om du treng hjelp eller tips til planlegginga!

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.