Skattkammeret Suldal. Foto: Espen E. Søreng
Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal foto

Kraftfulle opplevingar i Suldal

Suldal er eit eldorado for action og energispekka opplevingar. Her kjem nokre tips til korleis du kan få opp pulsen i Noregs vasskraftverkshovudstad!

Elveekspedisjon eller laksesafari

Raft deg nedover elva langs større og mindre stryk og kjenn naturens krefter i elva under deg! Vil du endå tettare på vatnet kan du kle deg i tørrdrakt og dykkarmaske og følge straumen nedover lågen på utkikk etter Salmo Suldal. Begge turane kan bestillast hjå Mo Laksegard.

Topptur til fots og ski

Kommunen er eit eldorado for all slags turar. Gratis turkart og meir informasjon finn du under "Vandring", og her kjem nokre av våre beste tips:

Snønuten (1604 moh.)

Raud (krevjande)

Dette er ein lang tur både sommar- og vinterstid. Du køyrer opp til Bråtveit og parkerer før grusvegen fører deg innover mot Mostøl/Jonstølen. Ta av vegen og følg merka sti oppover lia. Lenger oppe kjem du inn i Kyrkjesteinsdalen - dalen som har fått namnet sitt etter den karakteristiske store steinen langt inne i dalen. Vidare oppover følger du merkene opp lia til venstre og vidare langs ryggar. Til slutt tronar nuten framføre deg og du følger ryggen heilt opp. På klåre dagar kan du sjå lenger enn langt, og er det vindstille kan du bruke god tid på nistepakken før vegen ned att. Om sommaren tek turen 6-8 timar, mens vinterstid tek han 4-6 timar.

Reinsnuten (1144 moh.)

Raud (krevjande)

Parker rett fær innkjørsel mot Gullingen turistsenter og Breiastølsdalen. Følg grusvegen oppover mellom hyttefelta. Om vinteren kan det vere fint å følge løypa opp Nyastøl. På toppen av hyttefelta går du opp lia til Reinsheia ligg framføre der. Her flatar det noko ut og gir ein naturleg pause innover til Bergjordshola. Vinterstid kan løypa på framsida vere noko bratt, og fleire vel her å gå til toppen på baksida. Sommarstid er ruta også bratt, men med betre feste. 360graders utsyn på toppen gir deg fjell og fjord på sitt beste. Turen tek 4-5 timar.

Natlandsnuten (955 moh.)

Raud (krevjande)

Parker på Hedlebrekk og følg skogsveg innover merka rute. Det er tydeleg kor du tek av stien og går liane mot toppen. Sommar- og vinterrute er forskjellige, vinterruta er merka med stikker, mens sommarruta går via Frøkjedalen og opp lia bak stølane. Her møter du fine badevatn og ser nuten framføre deg siste stykket. Utsikta gir deg Gullingenområdet og Erfjorden utover mot Ryfylkebassenget. Turen tek 4-5 timar.

Suldal bad og varme stampar og badstover

Reiser du med barn kan klatreveggen og sklia i Suldal bad gi vel så godt adrenalinrush som noko! For dei tøffaste kan eit leige av badstove eller utestamp kombinert med eit iskaldt bad i fjord eller vatn vere godt for kropp og sjel. Ryfylke fjordhotell, Energihotellet, Mo Laksegard og Vikane hyttetun er blandt dei som tilbyr utleige av dette.

Fiske etter storlaksen

Få ting er som å kjenne at laksen bit på kroken. Uansett om han er liten eller stor vil kampen for å få fisken på land vere kraftfull og energitappande. Men kjensla av fangsten er som lite anna. Fisk etter storlaksen i Suldalslågen og kjøp kort av grunneigarane. Du kan også fiske etter laks i Ullaelva og kjøpe kort på inatur.no.

Foss og kulp

Dusj deg i den flotte fossen langs turstien frå Neikjen til Onglanuten. Denne er ekstra stor og majestetisk ved smeltinga om våren. Langs vegen til Blåsjø finn du Instaspoten "Hawaii-kulpen" - ein vakker kulp med iskaldt vatn. Hopp uti og kjenn hjartet banka!

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.