Hylsfjorden.
Skattkammeret Suldal. Foto: vandrefilm
Rasmus Løland, portrett.
Skattkammeret Suldal. Foto: Ryfylkemuseet.

Opplev Rasmus Løland

Rasmus Løland vart fødd i 1861, høgt over Hylsfjorden, innunder fjellet, på garden Løland i Suldal. Løland er rekna som ein pioner innanfor barneboksjangeren i Noreg, der han skreiv direkte og såg verda gjennom bornets augo. I denne artikkelen kan du oppleve Suldal gjennom Rasmus Løland sine augo.

Heimstaden til Løland

"Tett ved elva ei halv mils veg upp frå fjordbotnen er der ein husmannsplass, som heiter Kroken. [...] Litt lenger ifrå er det berre skog og buhagar på alle kantar sonær som ned mot elva" (Løland, 1892, s. 1).

Dette er eit utdrag frå Løland si første barnebok "Paa sjølvstyr". Skildringa av husmannsplassen kan mest høyra ut som ein typisk suldalsgard, og i Hylsfjorden kan ein sjå desse gardane på både høgre og venstre side oppetter liene.

Fleire har tolka Løland si skildring av gardane, fjorden, fjella og naturen i "Det store nashornet" som naturen kring heimtraktene på Løland: "Fjorden og alle gardane låg djupt nede, og dei såg langt utetter og innetter. Der var store vikar og kvite nes og mange gardar som dei aldri visste namn på eingong. Fjella på den andre sida av fjorden var så høge og røslege, og langt i aust såg dei atti blånande snøfjell." (Løland, 1960, s. 19).

Besøk den vesle, idylliske fjordgrenda Vanvik. Her kan du bade ved Sandvikjå badeplass og spele sandvolleyball, eller du kan fiske etter aure og anna godt i fjorden. På garden Løland ligg "Rosebuå" - eit byggverk handmåla i rosemåling frå golv til tak. Bestill omvisning i Rosebuå hjå Ryfylkemuseet.

Ein kort køyretur unna ligg gardsutsalet til Fattnes Vestre. Garden har drive skogbruk, jordbruk og fruktdyrking sidan 1600-talet. Her kan du kjøpe med deg fersk helgebakst, eller produkt frå eigne kyr og sau. Du kan også bestille trevirke frå sagbruket deira. Kanskje dei til og med har andre skattar på lur?

Helgøy Fjordcruise tilbyr båttur på Hylsfjorden om sommaren. Her kan du sjå Løland på venstre side av fjorden, og Litunet på høgre side. Båtturen er tett på naturen, du kan til og med få deg ein dusj i Lingvongfossen! Hylen var frå gamalt av ei viktig handelsåre mellom aust og vest, og i dag driv Suldalshonning guiding av den historiske vandreruta - frå Hylen, gjennom Hylsskardet og heilt til garden sin i Vaage der dei produserer Suldalshonning.

På tur som Løland

Området kring Løland og Vanvik byr på fleire flotte turar i skog og fjell. Under "vandring" kan du laste ned gratis turkart, eller hente deg turkart i repsesjonen hjå Suldal Turistinformasjon. Turen til både Lølandsnuten og Fattnesnuten gir ei fantastisk utsikt innover Saudafjorden og Hylsfjorden, samt utover Sandsfjorden.

Forfattar Løland har sjølv fleire tips til korleis ein kan sprite opp turen for små føter: "Her kude ein sigla med båtar av bork i straumane, byggja hus på holmane og finna på alt slag. [...] Dei skulle vera galne hestar og kapplaupa, og frå tua til tua bar det, so det skvatt etter." (Løland, 1892, s. 62-71). I "Paa sjølvstyr" leikar gutane Kristian og Robert langs bekkjer og har det aldri så kjekt! Kanskje du vil springa kappløp eller laga barkebåt på tur innover Slettedalen?

I "Det store nashornet" følger me fire gutar, Gunnar, Pål, Andres og Kolbein, og alt sprell dei finn på. Blant anna ser dei sjøorm, nashorn og krokodillar i skogen og vatna kring gardane sine. Det visar seg etterkvart at dyra er trestokkar og store steinar, men i skumringsljoset kan alt vere litt ekstra magisk. Kanskje finn dykk også ein trestamme som liknar ein sjøorm langs turstien?

Kvitebjørnen på Nesasjøhuset

Rasmus Løland si kanskje mest kjende barnebok er "Kvitebjørnen" og handlar om fire gutar som ein vinterdag byggjer seg ein stor kvitebjørn av snø. Dei set seg inni bjørnen og fortel kvarandre eventyra som kvitebjørnen har opplevd. Det kjenst meste som at bjørnen tek til å røyre på seg...

"Dei tagna og kjende etter, og då tykte dei tydeleg alle saman at kvitebjørnen gjekk. [...] Kvitebjørnen fòr lenger og lenger nord over alle dei høgste heiane som fanst, og det gjekk sistpå som ein vind frå blåne til blåne." (Løland, 2007, s. 8-9).

Kvitebjørnen fer til Nordpolen, og der møter han både troll og jomfruer, og Nordavinden sjølv. På Nesasjøhuset på Sand kan du oppleve eventyra til Kvitebjørnen i utstillinga deira. Her kan ein kle seg ut og ryktene seier det finst både kvitebjørn, troll og kongekrone her!

Lakseslott og laksefiske i Suldalslågen

I "Paa sjølvstyr" les me om korleis bygdeguten Kristian møtar bymannen som kjem til bygda for å fiske laks. Han bur i eit vakkert, stort, raudt hus og "[...] rundt heile huset og hagen gjekk eit høgt, kvitmåla gjerde. Innanfor var der tre og buskar og store blomar, og uppetter heile sida på huset var der store blanke vindauge [...]" (Løland, 1892, s. 25). Dersom du tek ein kikk på lakseslottet Lindum på Suldalsosen kan det mest høyre ut som at Løland skildrar nettopp lakseslottet og lakselordane i all si velstand. Hagen kan tenkast å vere den flotte hagen til laksefrua Alice Archer på Rophaug på Sand.

Det står ikkje mykje om laksen som blir fiska i "Paa sjølvstyr", men om rekordlaksen i Suldalslågen - ja den kom på kroken i elvaosen på Sand og drog med seg både fiskar og båt heilt inn i Hylsfjorden, før han etter heile 12 timar gav etter og blei dratt opp. Og vekta, den viste 34 kg! Suldalslågen er kjend for storlaksen sin, og kvart år blir det fiska laks på rundt 20 kg. Kanskje det er din tur å prøve i år? Kjøp fiskekort hjå kvar enkelt grunneigar.

Dersom du heller vil oppleve laksen på andre måtar kan me anbefale ein tur innom Laksestudio i Sandsfossen, laksesafari eller elveekspedisjon hjå Mo Laksegard.

No items found.

Tilknytta Skattar

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.