Skattkammeret Suldal. Foto: Vandrefilm
Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Matskattar ved fjorden

I Suldal kan du besøke fleire lokalmatprodusentar og gardsutsal i kort avstand til fjorden.

Erfjord

Bente Himabakst tilbyr tradisjonsbakst frå Suldal som blant anna Krotakaka og Suldalslefser.

Økstrafjorden

Fuglestein fruktgard har 17 000 epletre og lagar blant anna eplemost, eplegele og cider på garden. Om sommaren har dei cidersmaking og omvisning på garden på bestilling. Elles har dei ope gardsutsal med Landsnes villsauprodukt.

Landsnes villsauprodukt produserer ei rekke gode produkt frå villsau, geit og storfe som til dømes pinnekjøt, saueskinn og ulike spekepølser. Du kan også kontakte dei direkte for bestillingar.

Jelsa

Jelsa jordbær er kanskje Noregs beste jordær, og sel jordbære sine blant anna på Joker jelsa og på Torjå på Sand. Dei oppdaterer dagleg Facebookkontoen sin om sommaren etter kor dei sel og kva bær som er modne. Her skriv dei også om det er klart for sjølvplukk på Jelsa, noko som er ein kjekk aktivitet for store og små!

Jelsa hotell tilbyr lokale matskattar med fantastisk fjordutsikt og moderne komfort.

Hebnes

Hebnes vingard er Ryfylkes første vingard og tilbyr omvisning og vinsmaking om sommaren, samt på bestilling. Her kan du lære meir om vinproduksjon og du kan også besøke gardsbutikken deira på bestilling.

Storstova gard har alltid open gardsbutikk med egg og storfekjøt, samt anna snacks basert på kva sesong me er i: til dømes saft og iskrem. Dei sel også heimelaga strikk og tekstil.

Vatlandsvågen

Joker Vatlandsvåg sel lokale matvarer og har flotte sitteplassar utandørs for ein solrik dag. Her kan du også leige deg båt, SUP eller sykkel.

Sand

Ryfylke fjordhotell har fantastisk sjøutsikt frå restauranten innandørs og utandørs. Her kan du ete både tradisjonsrike måltid og meir moderne smakar.

Drøs kafe ligg i Gata på Sand og er opptekne av å servere god kaffi. Dei har også gjærbakst, lunsj- og middagsrettar, samt skjenkebevilling.

KULP bistro ligg i kort gåavstand til gardaneset og serverer både lunsj og middag. Sommaren 2024 opna dei også lokalmatbutikken KULP butikk med produkt frå regionen.

Træ gården ligg i Sandsbygda og kan leigast for selskap, samt at dei har open gardsbutikk med tekstil og kjøt frå ullgris, wagyu, villsau og hjort.

Mo Laksegard ligg i Sandsbygda og tilbyr omvisning på deira eige bryggeri, har villmarkscamp og restaurant på bestilling. Kombiner gjerne besøket med eit tur i saunaen ved Moskjelen, ein tur i elva på Laksesafari eller Elveekspedisjon.

Hanakamsneset gard ligg i Sandsbygda og sel produkt frå utegris. Dei har også bygd seg eldhus som ein kan leige på bestilling, og her inne bakar dei brød og søtbakst. Når dei bakar blir annonsert på Facebook.

Hylen

Bestill guida tur frå Hylen, over hylsskardet og ned i Våge for å besøke Suldalshonning. Her kan du sjå korleis produksjonen føregår.

Les meir om matskattane frå Suldal her.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.