Fuglestein Fruktgard ligg idyllisk til oppe i fjellsida over Økstrafjorden med panoramautsikt over fjordlandskapet. Her har eplebøndene Jon Anders og Generosa over 17,000 epletre som dei foredlar til produkt som mellom anna eplemost og eplegele.
På tur til fruktgarden vil du få ei omsyning i eplehagen der du vil læra meir om dei økologiske prosessane som Jon Anders og Generosa har dedikert seg til, før turen går vidare opp til tunet der ein får servert ulike smaksprøvar. Om ein ønskjer kan ein også nyte smaksprøvar frå spekematen til Landsnes Villsauprodukter som er næraste nabo. Ved vegen har dei også sitt eige gardsutsal.
Fuglestein Fruktgard tek i mot grupper på bestilling, og ei omsyning tek omlag 1,5 time. Les meir på fuglestein.no.
Gardsbesøk til Fuglestein Fruktgard
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.