Kvitt trehus ved fjorden
Nesasjøhuset © Ryfylkemuseet. Foto: Lise Bjelland
To jenter som ser ut vindauge mot fjorden
Nesasjøhuset © Ryfylkemuseet. Foto: Lise Bjelland

Mangfaldig kulturliv på Nesasjøhuset

Nesasjøhuset er eit restaurert sjøhus som no fungerer som hovudsete for Ryfylkemuseet sin aktivitet i heile regionen. Bygget ligg sjarmerande til ved Hydrokaien i Nordenden av Sand sentrum.

I første etasje finn du museumsbutikken der du kan få kjøpt lokal litteratur som bygdebøker, temabøker, linoljeprodukt og handverksprodukt av høg kvalitet, du finn óg ein koseleg kafé der du kan kjøpa deg noko og drikke og noko å bite i medan du nyt den fantastiske fjordutsikta

I andre og tredje etasje kan ein få med seg følgjande utstillingar:

Kvitebjørnen (fast utstilling)

Kvitebjørnen er ei interaktiv utstilling for born i alle aldrar. Her kan ein kle seg ut som konge og dronning, danse i speglsalen, klatre i slotta og helsa på sjølvaste Kvitebjørnen. Ein kan også høyra den spanande forteljinga om borna og Kvitebjørnen. Utstillinga er inspirert av ei forteljing av den lokale forfattaren Rasmus Løland.

Vandreutstilling

I utstillingslokalet i andre etasje av Nesasjøhuset held ein ulike utstillingar gjennom året. På denne måten er det alltid noko nytt å oppleva på museet! Informasjon om utstillinga som står der til ei kvar tid finn du på ryfylkemuseet.no.

Ryfylkemuseet har i tillegg ei rekkje flotte musumsanlegg som Kolbeinstveit, Litunet, Røynevarden og mange fleir. I løpet av året held er dei ulike anlegga opne for besøk, nokre med guiding. Meir informasjon om dette kan ein finna på ryfylkemuseet.no

Godt tilgjengeleg: Nesasjøhuset har inngong og toalett tilrettelagt for rullestolbrukarar. Utstillingane ligg i andre og tredje etasje, der ein har eigen heis som blir tatt i bruk ved behov. Det er god plass og godt lys i utstillingane, butikk og kafe.

Mangfaldig kulturliv på Nesasjøhuset
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);