Ein avslappande sykkeltur som passar heile familien i flatt terreng.
Start ved parkeringsplassen ved den gamle mølla Kvednahola ved Vasshus. Dette er ein fin og avslappande sykkeltur på traktorveg langs Ritlandvatnet inn mot Vassbotn. Skogen og marka ved Vassbotn har rik og variert flora. Kanskje unnar du deg eit lite bad etter turen?
Fakta om turen:
Kateogri: Lett (Grøn)
Høgste punkt: 71 meter
Ankomst: Køyr Rv13 til Vasshus.
Godt tilrettelagt: Turen langs Ritlandsvatnet går på brei, gruslagt sti. Ein må rekne med noko stigning. Deler av året er startspunkt for ruta dekka av elv.
Sykkeltur langs Ritlandsvatnet
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.