Picture of hiking in the Suldal mountains
Onglanuten, Gullingen © Skattkammeret Suldal Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
Picture of hiking in the Suldal mountains
Onglanuten, Gullingen © Skattkammeret Suldal Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto

Topptur til Onglanuten

Toppturen til Onglanuten er ein flott oppleving for heile familien. På nedfarten kan ein stoppe innom Perskårfossen for ein forfriskande dusj!

Du parkerer bilen ved Neiken, som er parkeringsplassen ved vegen når ein kjem over platået etter stigninga opp mot Gullingenfjellet eller ved parkeringsplassen like ved avstikkaren mot Gullingen Turistsenter. Herifrå følgjer ein vegen opp mot Stavastolen, før ein tek av på stien som tek deg på rundtur rundt Skute. Når du er nord for Svartavatnet tek du lettaste vegen opp mot toppen av Onglanuten. På veg tilbake tek du vegen ned like ved Perskårsfossen.

Du kan også gå opp ved Perskårsfossen om ein ynskjer ein kortare tur, men dette er meir krevjande.

Fakta om turen:

Tid: 2-3 timar

Avstand: 7 km

Kategori: Middels (blå)

Høgste punkt: 760 moh

Tilkomst: Frå Rv13 mot Blåsjø.

Topptur til Onglanuten
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);