heiområde med vatn og støl
Svinstøl © Suldal kommune. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
sauer på beite
Klungtveit beitedyr © Suldal kommune. Foto: Statsforvalteren i Rogaland

Utvalde kulturlandskap Suldal

Ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL)  vart etablert i 2009 gjennom eit samarbeid mellom landbruks-, og miljømyndigheitar, Riksantikvar og grunneigarar. Det var per 2022 totalt 49 område som er valde ut som Utvalde kulturlandskap nasjonalt. Suldal kommune fekk sin UKL- status i 2018.

Slike område er sentrale i kulturhistoria vår. Dei representerer kvar for seg og samla heilt unikt og svært verdifullt biologisk mangfald og kulturminne. Målet med satsinga er å sikre desse verdiane gjennom aktiv drift med istandsetting og skjøtsel av natur- og kulturverdiar. Det utvalde kulturlandskapet i Suldal inkluderer grendene Hamrabø, Klungtveit og Mokleiv.

Godt bevarte eldre tun og bygningar i liane opp frå Suldalsvatnet, med stølar i heiane ovanfor, viser oss heilandskapet og fjellgardsmiljøa på Vestlandet. Drifta i Hamrabø er allsidig og dels svært ekstensiv med mjølkeproduksjon, sau, purker og smågris, kombinert med småkraftverk og turisme.

På Klungtveit og Mokleiv vert det nytta store område til sauebeite. Bratte bakkarer kultivert med murar, veiter, steingardar, stiar, trapper og rydningsrøyser gjennom lang tid. Slåande i dette landskapet er dei mangfaldige naturbeita, hagemarkene, slåtteengane og haustingsskogen som blir skjøtt etter tradisjonen. Dei fleire tusen haustingstrea – kydlestuvar - er særleg fulle av liv. Området byr på pilegrimsvandringar og gardsturisme, nasjonal turistvei Ryfylke og turstiar inn til Suldalsheiane.

Turkart for områda finn du nedanfor.

Utvalde kulturlandskap Suldal
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);