Suldalsporten er eit av dei mest ikoniske naturmerka i kommunen, der to fjell formar seg som ein port på kvar side av Suldalsvatnet. Merket finn du når du køyrer langs RV12 på vest-sida av vatnet.
Suldalsvatnet er den største innsjøen i Rogaland, og strekk seg frå Nesflaten i Nord til Suldalsosen i sør. Suldalsporten er den mest ikoniske fjellformasjonen langs vatnet, og har nærast blitt eit symbol for Suldal. Segna skal ha det til at den dagen sju systrer giftar seg på same dagen og reiser gjennom porten vil fjellsidene på Suldalsporten dette ned.
Vatnet eignar seg godt for dei som ønskjer å legge ut med båt eller kano, som du kan leige frå Energihotellet og Vikane Hyttetun. Det er også gode fiskemoglegheiter i vatnet, og fiskekort får du på inatur.no.
Suldalsporten
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.