Blåsjø
Blåsjø © Statkraft. Foto: Statkraft
Oddatjørndammen
Oddatjørndammen © Statkraft. Foto: Statkraft.

Blåsjø - Noregs største damanlegg

Suldal er ein av dei store kraftkommunane i Noreg, og er heim til ei rekke kraftprosjekt og kraftstasjonar. Røldal-Suldal Kraft på 1960-talet var Noregs største industriprosjekt i si tid og Ulla Førre-utbygginga på 1980-talet var Nord Europas største vasskraftutbygging. I dag har kommunen omtrent 8 prosent av den samla kraftproduksjonen i landet. Eit besøk i Suldal er difor ikkje komplett utan eit innblikk inn i vasskrafthistoria vår.

Blåsjø ligg i Suldalsheiane og er Noreg sitt største energimagasin. Magasinet blir halde på plass av 11 små og store dammar. Ved høgste regulerte vasstand dekkar Blåsjø eit område på over 82 km2. Storvassdammen, Oddatjørndammen og Førrevassdammen er blant dei største dammane som tilhøyrar Bjåsjømagasinet. Storvassdammen er Norges største fyllingsdam, Oddatjørndammen er den høgste fyllingsdammen i Norge, mens Førrevassdammen er Norge sin største betongdam med sine 1270 meter lengde og 90 meters høgde.

For å koma til Blåsjø må du ta av frå Rv13, og køyre forbi Gullingen Turistsenter og vidare inn over fjellet. Vegen er som regel open mellom juli og oktober, men blir stengd når snøen legg seg.

Blåsjø er også godt eigna for sykkelturar innover fjellet på fine vegar. Les meir om dette under "Sykkel". Ønskjer ein å sjå større deler av det flotte fjellandskapet kan ein ta seg ein tur til turisthytta "Stranddalen". Les meir om dette under "Vandring".

Grunna omsyn til villreinen og dens trekk er det ikkje lov med motorisert ferdsel inn til Storvassdammen. Her kan små forstyrringar gjera stor skade. Me anbefaler difor å heller ta turen inn til Førrevassdammen. Les meir om arbeider for å verne om villreinen på svr.no.

Me minnar om at det er sett opp bom ved inngangen til Blåsjøvegen, like ved skitrekket, som registrerer nummerskiltet ved passering. Ved enkeltpassering kan ein betale via nett i løpet av dei neste 48 timane. Viss ikkje får ein tilsendt faktura i posten. Ein kan også kjøpe sesongkort. All betaling skjer via www.youpark.no, anten ein skal kjøpe sesongkort eller betale for enkeltpassering.

Godt tilrettelagt: Det er køyreveg heilt inn til Oddatjørndammen og Førrevassdammen, med parkeringsplassar. Her er det asfalterte oggrusa opne område der ein har rom for å ta seg fram til dammane.

Blåsjø - Noregs største damanlegg
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(true);