Fishing in the fjord
Vindafjorden, Foto: Karl Ohm
Fishing in the fjord
Ropeidhalvøya © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam

Fiske i fjorden

Suldal har nærleik til ei rekke fjordar i indre Ryfylke, som byr på flotte fiskemoglegheiter med eit mangfald av fiskeartar.

Gode fiskeplassar:

Hydrokaien i Nordenden på Sand

NB! Freda sona ved Hydrokaien. På grunn av ein svak bestand av sjøaure er eit større område utanfor Suldalslågen ned mot Eide freda sone. Dette betyr at altfiske etter laks og sjøaure er forbode her heile året. Det er likevel lov å fiske etter saltvassfisk med stang eller handsnøre utanfor 100 meter frå grensa mellom elv og sjø.

Hylen langs RV 13 mellom Suldalsosen og Nesflaten

Jelsa kai

Erfjord kai

Vatlandsvåg kai

Du treng ikkje fiskekort eller andre lisensar for å fiske i fjorden, men det er viktig å lesa seg opp på reglane som gjeld for fiske i fjorden til ei kvar tid. Ein skal mellom anna halda ei viss avstand til elveutløp, nokre artar er freda og det er viktig å vise omsyn til dei rundt deg. Meir informasjon finn du på inatur.no og hjå Statsforvaltnaren.

Godt tilrettelagt: Kaiane Hydrokaien, Hylen, Jelsa kai, Erfjord kai og Vatlandsvåg kai har god tilkomst med parkeringsplass like ved. Kaiane er støypte betongkaiar der ein enkelt kjem heilt fram til fjordkanten.

Fiske i fjorden
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);