Børkjenes Gard ligg idyllisk til i Hamrabø med sine naturskjønne omgjevnadar og særprega fjellgardsmiljø. Totalt strekk garden strekk seg frå 280 til 1350 moh frå tunet heilt til fjells, og har totalt 40 hus. Dette er mellom anna hovudhus, kårhus, låven, sauehus, hønehus, stabbur, kvernhus, tørkehus for korn, taubanehus, kjerrehus med vedlager, eldhus, smie og sagbruk. Flesteparten av husa er frå 1800-talet, men fleire hus og historier strekk seg også lengre tilbake i tid.
Garden fekk tildelt Olavsrosa i 2023, eit kvalitetsmerke for eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven. Dei fekk også Suldal kommune sin bygningsvernpris i 2018 for arbeidet med å sikre bygningsarva på Børkjenes gjennom sine mange små og store restaureringsprosjekt.
Du finn Børkjenes Gard ved å ta av mot Hamrabø på vegen mellom Sand og Nesflaten, midt på Suldalsvatnet, langs RV13.
Tid: 1-1,5 time
Pris: 200 kr per person, minimum 5 personar per gruppe. Pris for grupper etter avtale. Besøk må vera bestilt i førevegen.
Bestilling: Kontakt Jarle Tveit på jarle@famtveit.no eller +47 913 48 602
Børkjeneset kan også arrangere team-building og dagsopplevingar på garden og i området rundt for bedrifter og større grupper på førespurnad.
No items found.