Fluefiske Suldalslågen
Suldalslågen © Skattkammeret Suldal Foto: Inge Riska
Salmonstudio in Suldalslågen
Laksestudio, Suldalslågen © Skattkammeret Suldal Foto: Kjetil Brekke/ Suldal Foto

Laksefiske i Suldalslågen

Suldalslågen er vestlandets største elv, og strekk seg over 22 km frå Suldalsvatnet til Sandsfjorden. Suldalslågen har ikkje eit veldig stort fall, men smyg seg roleg gjennom Suldalsdalen før den ender i Sandsfossen ved Sand.

Suldalslågen er i dag ei annerkjend lakseelv, spesielt kjend for å vera ein stor laksestamme der rekordlaksen var på heile 34 kilo! Heile elva er laksegåande og byr på gode og varierte fiskemoglegheiter. Elva er regulert etter Suldal-Røldal utbygginga og Ulla-Førre utbygginga, og har minstevassføring. Dette gjer at det er gode fiskeforhold gjennom heile sesongen.

Informasjon om grunneigarar som sel fiskekort og reglar for fisket i elva finn du på suldalslagen.no. Det er også fleire grunneigarar som tilbyr utleige av hytter langs elva. Fleire av dei finn du under "Mat & Overnatting".

Godt tilgjengeleg: Det er tilrettelagte fiskeplassar utforma etter prinsipp for universell utforming og eigna rollestolbrukarar fleire stader langs elva. Kontakt oss for meir informasjon.

Laksefiske i Suldalslågen
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);