Gullingen Turistsenter og Fjellcamping har eit eige skisenter med slalombakke 800 meter frå sjølve turistsenteret.
Bakken opnar så snart snøen tillet det og held på utover mot påsketider så langt vèret held. Dette blir annonsert på deira nettsider og sosiale medier.
Skianlegget er på totalt 800 meter, og det er tre ulike løyper å velge mellom på veg nedover der høgdeforskjellen er på totalt 175 meter. Det er også ein barneskiheis her på 160 meter. Gullingen skisenter er også einaste seneret i Rogaland som tilbyr kjelkekøyring i skibakke.
Like under trekket finn ein ei varmestove som er innbydande og varm. Her kan ein kjøpe seg mat og drikke. Det er skjenkebevilling her frå klokka 12:00.
Gullingen Skisenter
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.