Erøy, Erfjord
Erøy, Erfjord © Skattkammeret Suldal Foto: Rune Roalkvam
Erøy, Erfjord
© Skattkammeret Suldal Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto

Familievennleg tur på Erøy

Ein tur rundt Erøy i Erfjord er ein godt tilgjengeleg tur som passar alle aldrar. Her kjem ein tett på fjordlanskapet og dyrelivet rundt. Det finst to ulike alternativ for turen.

Alternativ 1

Følg hovudvegen til Tednes. Der asfalten sluttar, fortset vidare 3-400 meter rett fram. Følg skogsveg til høgre opp til løypa sitt høgaste punkt. Ny skogsveg nedover der ein kryssar ein liten bekk. Vidare på sti gjennom skogen og inn på skogsvegen som går ned til Bogsfjorden 500 m nord for Hattavågen. Følg skogsvegen langs sjøen attende til hovudvegen på Erøy.

Tid: 2 timar

Avstand:6 km.

Gradering: Lett (grøn)

Høgste punkt: 183 moh

Tilkomst: Med bil til Erfjord.


Alternativ 2. Erøy – Hattavågen (del av Erøy rundt)

Parker ved Betel Bedehus på Erøy. Følg bilveg som går opp mot gardstun, og ta første veg til høgre. Følg veg som går gjennom og forbi gardstun, og vidare langs sjøen ut til Hattavågen. God skogsveg heile vegen. Godt eigna for barnevogn og sykkel. Hugs å lukke grindene!

Tid: 1- 1,5 timar

Avstand: 3 km.

Gradering: Lett (grøn)

Høgste punkt: 183 moh

Tilkomst: Med bil til Erfjord.


Familievennleg tur på Erøy
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);