Gullingenområdetligg omtrent 5-7oo meter over havet og er eit senter for gode naturopplevingar i Skattkammeret Suldal.
Området har vore nytta i lang tid, og ein har mellom anna funne spor etter steinaldermenneske som har jakta og vikingar som har henta jernmalm. På 1980-talet blei området heim til Nord-Europas største vasskraftutbygging. Ulla-Førre, som har sett Suldal på kartet som ei kraftkjempe, står for 8% av årleg kraftproduksjon i Noreg. I dag er området nytta som utmarksbeite for sau og er eit knutepunkt for gode opplevingar i Ryfylkeheiane.
Du kan lasta ned turkart for Gullingen-området ved å klikke her (kart) og her (informasjon). Du får også tak i kartet på Suldal turistinformasjon og utvalde butikkar.
Turkart Gullingen
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.