Toppturen til Natlandsnuten gir ein panoramautsikt over fjell og fjordar, og er fin sommar så vel som vinter.
Turen startar ved parkeringsplassen på Hedlebrekk, før ein går nedover traktorvegen som ender over Vassvikane. Her tek ein til venste mot grusvegen som ein følgjer nokre hundre meter før ein går vidare mot Frøkjedalsvatnet. Etter at du har runda vatnet tek startar stigninga opp mot toppen. Belønninga er ein flott utsikt!
Turen kan også bli tatt om vinteren i kvista løyper frå Hedlebrekk eller Mosvatnet. Turen er merka på skikartet til Gullingen Turistsenter.
Fakta om turen:
Tid: 4–5 timar
Avstand: 10 km
Kategori: Krevjande (raud)
Høgste punkt: 964 moh
Tilkomst: Frå Rv13 der du tar av mot Gullingen. Du køyrer mot Hedlebrekk etter stigninga opp fjellet.
Panoramautsikt frå Natlandsnuten
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar.Sjå alle med sertifiseringa her.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.