Picture of hiking to Grytenuten, Ropeidhalvøya
Grytenuten Foto: Bjarte Skipevåg
Picture of hiking to Grytenuten, Ropeidhalvøya
Grytenuten Foto: Bjarte Skipevåg

Utsyn over Ryfylkebassenget frå Grytenuten

Grytenuten, den høgaste toppen sålangt ut mot kysten, gir eit vidt utsyn mot øyane. Her oppe finn du også ein kikkert som gjer at ein kan utforska den flotte utsikta nærare.

Alternativ 1: Østebøneset-Grytenuten

Turen frå Østebøneset opp til Grytenuten (frå vest-sida) er eit lengre alternativ, men turen er ofte rekna som finare og stigninga er ikkje like kraftig frå start. Du startar turen ved å parkere ved hovudvegen på område merka ved Østebøneset, langs vegen mellom Hebnes og Vormestrand. Turen tek deg innom Melenuten, og ein avstikkar innom Fossenibba er også ei flott oppleving.

Frå nuten kan ein gå same vegen ned att eller ta stien ned mot Kjølvikstølen.


Tid: 6-7 timar,

Avstand:  14 km

Gradering: Krevjande (raud)

Høgste punkt: 862 moh

Tilkomst: Med bil til Ropeidhalvøya, mellom Hebnes og Vormestrand.

Alternativ 2: Kjølvikstølen-Grytenuten

Kjølvikstøken-Grytenuten er kortare enn ruta frå Østebøneset, men stigninga frå start er meir krevjande og nokre parti krev at ein er forsiktig. Turen startar ved  Kjølvikstølen, der du kan parkera ved samfunnshuset. Ein sti til høgre for parkeringsplassen leier deg opp til ruta.

Frå toppen kan du ata same vegen ned, eller fortsetja ned mot Østebøneset.

Tid: 5 timar

Avstand: 8 km

Gradering: Krevjande (raud)

Høgste punkt: 862 moh

Adkomst: Med bil til Ropeidhalvøya. Stopp mellom Vatlandsvåg og Hebnes.

Utsyn over Ryfylkebassenget frå Grytenuten
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);