Minnesmerke
Georg Fjellberg © Skattkammeret Suldal. Foto: Anita Svendheim
Minnesmerke og rasteplass
Georg Fjellberg © Skattkammeret Suldal. Foto: Anita Svendheim

Minnesmerke etter Georg Fjellberg

Flott utsikt og  lokalhistorie møtest ved Georg Fjellberg-bautaen langs vegen mellom Jøsenfjorden og Gullingen.

Georg Fjellberg var ein av mange som ofra livet for heimlandet under den andre verdskrigen. Han deltok i mobiliseringa i Røldal i 1940 og fekk ordre om å ta vare på fleire gevær. Desse gøymde han i heia ved Fjellberg, omlag ein kilometer sørvest for heimplassen sin.

Motstandsmiljøet i Stavanger fekk med tida kjennskap til våpena. I 1941 blei fleire frå dette miljøet arresterte. Under avhøyr fekk så tyskarane veta om våpenlageret til Georg. Han blei arrestert saman med 16 andre og send til Oslo i november 1941. Det blei dødsstraff. Den 29. desember vart den 33 år gamle Georg Fjellberg i lag med ti andre skotne på Flatmyr i Nannestad.

Utklipp frå Stavanger aftenblad den 6. september 1945.

Etter krigen samla sambygdingar og vener i vide krinsar inn pengar og reiste ei minnestøtte nær heimplassen hans.

2000 menneske møtte opp på avdukinga av minnesmerket.

Like bak bautaen får du flott utsikt over Hjorteland, Fjellberg og Ulladalen.

Minnesmerke etter Georg Fjellberg
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);