Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Topp 10 rusleturar

1.Strandstaden Jelsa og Dagsturhytta på Kvilehaugen

Grøn (enkel)

Besøk den best bevarte strandstaden i Ryfylke; Jelsa med kvitmåla trehus og ei vakker handmåla kyrkje. Her kan du bruke telefonen og scanne QR-kodar i området for meir informasjon om staden, eller du kan bestille guida tur frå Ryfylkemuseet. Bruk dagen, ta deg eit bad på badestranda, ein lunsj på Jelsa hotell, sjølvplukking av Jelsa Jordbær og eit besøk på statuen av Jelsapresten ved Jelsa skule. Frå skulen følger du merka sti i 30 minutt til dagsturhytta på Kvilehaugen.

2.Mosåsen rundt

Blå (middels)

Denne turen er perfekt for deg som ønskjer ein frisk start på dagen eller ein roleg kveldstur. Parker ved Mo grendahus i Sandsbygda og følg traktorvegen oppover lia. Stien er merka godt og du følger berg og mjuk skogbotn til toppen av Mosåsen. Her er flott utsikt over Sandsbygda og Suldalslågen som svingar seg ut mot fjorden. På veg ned att mot gardane kan du sjekke ut gamle beitegjerde. Turen tek ca. 1 time. 

3.Rundtur på Nes

Grøn (enkel)

Opplev kraftarkitekturen på nært hald gjennom ein rundtur på Nesflaten. Parker ved Kilane og sjå korleis kraftutbygginga har påverka bygdelivet i form av funkisbustader, designhotellet Energihotellet og "UFO"-en - administrasjonsbygget til Hydro. Vidare går du over brua mot butikken på Nesflaten, og her kan du anten gå runden tilbake til Kilane, eller du kan gå ned til Suldalsvatnet og sjå storauren vake. 

4.Førlandsøyane

Grøn (enkel)

Førlandsøyane kan mest minna om eit landskap frå Ringenes herre. Gjennom frodige sauebeite, over småbekkjer og under lauvtre går stien frå Førland grendahus og ut til "øyane". Her passerer du gamle fòrlager med torvtak og i enden av stien er det sett opp ein god pausebenk for slitne bein. Turen er like fin sommar som vinter, men under vårflaumen kan det vere Suldalslågen er så stor at du ikkje kjem deg heilt fram. Då kan andre deler av Førlandsøyane vere vel så kjekke å utforske. Turen tek 1,5-2 timar. 

5.Høsebru og Garaneset rundt

Grøn (enkel)

Den prisbelønte Høsebrua ligg rett ved Sandsfossen og Laksestudio. Etter å ha passert den imponerande brua følger du grusvegen langs elva mot Garaneset. Turen er lettgått og kan kortast ned ved å ta av frå grusvegen ved Tjelmane Dekkservice/Shell og følge bilvegen tilbake. Dersom du ønskjer å fortsetje langs elva kan du gå heilt opp til Sandsbygda før du følger bilvegen tilbake att. Turen tek 30 til 90 minutt, etter kor du vel å følge bilvegen.

6.Langs Ritlandsvatnet

Grøn (enkel)

Parker ved historiske Kvednahola, og følg grusvegen langs Ritlandsvatnet. Her er gode badeplassar og fin temperatur i vatnet om sommaren. Vegen er lettgått og inst ved vatnet kjem du til Vassbotn. Her er bok å skriva i og benker og bålplass for ein fin pause. Du kan velje å følge stien og gjere ein rundtur via Steine (2,5 timar), eller gå tilbake same vegen (1,5 timar).

7.Nesflaten rundt

Grøn (enkel)

Noregs kanskje best bevarte døme på funksjonalistisk arkitektur kan du sjå i den vesle fjellbygda Nesflaten. Parker ved Kilane og sjå "UFO"-en, funkishus og Energihotellet, før du passerer brua mot butikken og følger vegen tilbake til Kilane. Du kan sjølvsagt stoppe når som helst på vegen, og ta ein avstikkar ned til Suldalsvatnet, eller innom butikken "All verdas". Turen tek ca. 30 minutt.

8.Sand Safari

Grøn (enkel)

Start i Sand sentrum og følg skiltinga til Eide og ned att mot Høse bru og Sandsfossen. Langs vegen finst QR-kodar du kan sqanne og lære meir om området. Turkart finn du under "vandring" her på nettsida. Turen tek alt frå 1-2 timar, heilt etter kor du ynskjer å gå.

9.Grytevatnet rundt

Grøn (enkel)

Følg den kulturhistoriske løypa rundt Grytevatnet og scann QR-kodar for å lære meir om området. Her er lettgått terreng, og turen tek ca. 2 timar. Følg skilting frå hovudvegen for å finne parkeringsplass.

10.Kammen i Erfjord

Grøn (enkel)

Parker ved trafostasjonen ved Sandviktunnelane. Her er godt merka sti både til turen rundt Vardaheia og til Kammen. Lettgått terreng og fin sti tek deg ut frå skogen til Kammen - med flott fjordutsikt og fint pauseområde. Turen tek ca. 1 time. God tur!

For meir informasjon om turkart, sjekk ut "Vandring" på sida vår. Her kan du laste ned gratis turkart, eller du kan hente på Suldal turistinformasjon. Hugs å ferdast ansvarleg, vis omsyn og tenk miljø. God tur!

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.