Hellandsnuten 2021
Skattkammeret Suldal. Foto: Espen E. Søreng
Kaffi og bålkos
Skattkammeret Suldal. Foto: Espen E. Søreng

Topp 10 toppturar til fots

Suldal er heim til uttalege turar, lange og korte, krevjande og enkle. Tett på naturen og ofte aleine i fjellet og skogen. Her kjem våre topp 5 toppturar til fots.

1. Hellandsnuten

Svart (ekspert)

Sandsbuen seier at du ikkje er ekta Sandsbu med mindre du har gått til Hellandsnuten. Turen startar ved Joagarden barnehage og går oppover i variert skogsterreng. Du passerer bratte parti og mot toppen møter du snaufjellet. Turen kan vere strevsam, men verd det, for utsikta på toppen er nærast uslåeleg. Den frodige Suldalen som munnar ut i strandstaden Sand og vidare utover fem fjordar. Turen tek ca. 5 timar. I 2024 startar arbeidet med sherpatrapper i dei brattaste partia.

2.Reinsnuten

Raud (Krevjande)

I Gullingenområdet skil Reinsnuten seg ut i himlaleitet med den karakteristiske masta på toppen. Parker rett før du svinger opp mot Gullingen turistsenter og Breiastølsdalen. Herfrå følger du grusveg mellom koselege hyttefelt heilt opp til Stavastølen. No følger du kupert terreng opp til Reinsheia, med flott utsikt over Gullingen, hyttefelta og Mosvatnet. Terrenget flatar ut og du får ein naturleg pause før siste, bratte etappe mot toppen. Her oppe er ein vanvittig utsikt over høgfjellet, Gullingenområdet, men også ut fjordane mot Stavanger. Ein klårversdag kan du kanskje skimte byen langt der borte? Turen tek 4-5 timar.

Ekstraskatt: Ha base på Gullingen turistsenter og gå alle fjelltoppane som omkransar deg. Går du seks av dei "godkjende" toppane kan du krona deg som Nutfant.

3.Kleppsnuten

Blå (middels)

I fjordbygda Erfjord tek du av frå Hålandsosen mot Østerhus. Følg vegen vidare mot Tveit og Liarstølvegen, før du parkerer ved stor grusparkeringsplass ved "Trædet"/"Treet". Rett ved parkeringa ser du skilting mot Kleppsnuten. Her følger du merka rute opp gjennom bjørkeskogen til du er over tregrensa. Flott utsikt mot gardane på andre sida av dalen kjem bak deg. Vidare går du langs myrar og vatn til du tek siste kneika opp mot toppen. Ein flott tur med 360-graders utsikt mot fjord og mot fjell. Turen tek ca. 2 timar.

4.Ressfjellet

Blå (middels)

Parker ved hovudvegen mellom Sand og Ropeid, ikkje langt frå avstikkaren mot Marvik og Hebnes. Skiltet kan vera litt skjult så her gjeld det å halda augene opne. Turen tek deg oppover lia i flott foreskog (furuskog) til du kjem opp på nokre myrar. Her endrar skogen seg og du kan skimte Sandsfjord bru i det fjerne. Neste kneik tek deg opp til endå eit myrområde og her får du utsikt mot Røssenuten. Den siste kneika er på lettgått berg og snart får du fantastisk utsikt innover fjordane til Sand og mot Sauda og Hylen, samt utover mot Ryfylkebassenget. Turen tek ca. 2 timar.

5.Vinjanuten

Svart (ekspert)

Parker ved Vinjar skule og følg bilvegen forbi kyrkja og bak det bakerste byggefeltet. Her kjem du ut på stien mot Vinjanuten og forbi Prestastølen og heilt til topps. Turen gir fantastisk utsikt, men er lang og krevjande. Du kan velje å gå same vegen ned att, eller gå ned via Gunntveitåsen til du kjem ut på hovudvegen ved Hagane og butikkane. Turen tek ca. 7 timar.

6.Junkervarden

Blå (middels)

Start ved Jelsa skule og følg merkinga oppover lia, gjennom skogen og til topps. Her ventar fantastisk utsikt over Ryfylebassenget, og Ryfylkes best bevarte strandstad: Jelsa. Turen tek ca. 3 timar.

7.Fjetlandsnuten eller Røssenuten

Blå (middels)

Parker på stor grusplass ved Fjetland og følg vegen forbi den øvste garden og inn i bjørkeskogen. Her er lettgått terreng, og turen tek deg vidare opp over tregrensa. Du kjem til eit kryss og kan velje å gå til Røssenuten eller Fjetlandsnuten. Begge nutane gir deg flott utsikt over Halvøynå. Turane tek ca. 3-3,5 time.

8.Gullingen

Raud (krevjande)

parker ved Gullingen skisenter ogfølg skitrekket opp til myrane mellom Gullingen og Grønhovet. Stien er godt merka og tek deg vidare opp mot Gullingentoppen. Eitt parti med klyving. Turen tek ca. 2 timar og gir deg flott utsikt over Gullingenområdet og Mosvatnet, frå den ikoniske Gullingentoppen.

9.Natlandsnuten

Raud (krevjande)

parker ved Hedlebrekk ogfølg traktorvegen inn til grussti. Her er skilta til Natlandsnuten og du tek av grusstien og over på vanleg merka sti. Turen går vidare inn til stølane i Frøkjedalen, og opp langs bekken i lia bak stølane. Oppe på vidda ser du toppen, og her er fine badevatn å kjøle seg ned i ein varm sommardag. Turen tek ca. 5timar.

10.Onglanuten frå Neikjen.

Blå (middels)

Turen kan startast anten ved Neikjen eller Stavastølen og over Skuteheia. Frå Neikjen følger du merka sti over nokre myrar og opp ei li. Her passerer du den ikoniske fossen som ein kan dusja seg i ein varm sommardag. Vidare går du lia opp fram til du er over tregrensa. Resten av turen mot toppen går i fint terreng. Turen tek ca. 1,5 time.

For meir informasjon om turkart, sjekk ut "Vandring" på sida vår. Her kan du laste ned gratis turkart, eller du kan hente på Suldal turistinformasjon. Hugs å ferdast ansvarleg, vis omsyn og tenk miljø. God tur!

No items found.

Tilknytta Skattar

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.