Skattkammeret Suldal. Foto: Dag Jenssen
Skattkammeret Suldal. Foto: Espen E. Søreng

Arkitekturrundturen i Noregs kraftstabbur

Arkitekturrundturen er Noregs einaste dagsformat av turar utarbeida av Nasjonale turistveger. Turen byr på modernistisk og historisk arkitektur, og går gjennom Suldal, Sauda og Røldal.

Arkitekturrundturen

Den såkalla arkitekturrundturen går gjennom Suldal, Sauda og Røldal. Langs vegen ser ein spanande og nytenkande arkitektur, slik som Høsebru, Ostasteidn, venterommet på Ropeid, Svandalsfossen, Almannajuvet, og Flesefossen i Brattlandsdalen. Turen inneheld ikkje berre modernistiske byggverk, men også historiske stader som Kolbeinstveit, Åbøbyen og Røldal stavkyrkje. Sjølvsagt er ikkje turen komplett utan eit besøk innom Nesflaten for å sjå funkishusa, Energihotellet og "UFO-en". Er vegen inn til Blåsjø open er ein tur innom dei vanvittige dammane også eit "must". Ordninga er ein del av nasjonale turistveger og er landets einaste dagsformat av denne typen.

Nesflaten

Kraftarkitekturen skil seg merkbart ut i den vesle vestlandsbygda Nesflaten. Her har arkitekt Geir Grung sett sitt preg, med funkisbustader og administrasjonsbygg som liknar ein UFO. Besøk gjerne designhotellet Energihotellet og varm kalde hender foran gullpeisen.

Blåsjø

Blåsjø er Nord-Europas største damanlegg, og består av 14 større og mindre vatn, der dei største er Storvassdammen, Oddatjørndammen og Førrevassdammen. Storvass er Noregs største fyllingsdam, Oddatjørn er Noregs høgaste steinfyllingsdam og Førrevass er Noregs største betongdam. Etter kvart som kraftproduksjonen i Europa i framtida hovudsakleg vil kome frå vind, kan Blåsjø fungere som eit oppladbart batteri ettersom vatnet kan pumpast sjølv om det er vindstille. Den samla vasskrafta som Suldal produserer utgjer ca. 8% av heile Noregs energiforbruk.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.