Skattkammeret Suldal. Foto: Randelovic Milan
Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Romantiske Suldal

Kjærastetur til Suldal? Her kjem lokale tips om dei mest romantiske stadene i Suldal!

Jelsa

Sjå videoen om Ja-benkane på Jelsa! Sagnet seier at den som blir fridd til på ein av desse benkane ikkje kan seie nei. Ta turen til Jelsa - uansett om du vil fri eller ikkje - grenda er perfekt for ei romantisk utflukt. Gå den historiske kulturløypa gjennom Rogalands best bevarte stranstad - koselege, kvitmåla hus i strandkanten. Ta deg ein betre lunsj hjå Jelsa hotell, eller prøv den nye discgolfbana ved skulen. Her er det moglegheiter for allslags "dates".

Kjærleikstien i Vanvik

"Er du i Vanvik ein tur: gå til fots på Ørlandsvegen - som ei vanviksjenta for mange år sidan døypte Kjærleikstien - ta ein rast på Holadn og sjå vestover Vanvik, ut over Hylsfjorden, på fjella ikring, på himmelen, studer naturen rundt deg, lytt til kva naturen fortel deg. Ei søle stund på Holadn. Gjedna med matpakke. Men ta matpapiret med deg etterpå - her er ikkje bosspann. God tur vidare. Men pass på så du ikkje trør utføre. Her er bratt på Holadn."

- Kjell-Gunnar (NRK).

Økstrafjorden

"Skal du finna den mest romantiske, og finaste fjorden i Rogaland må du til Økstrafjorden" (mellom Jelsa og Erfjord).

Marton Frantzen (NRK).

Samstundes kan du stoppe innom gardsutsalet til Fuglestein fruktgard og kjøpe med deg ein god eplemost eller liknande. Eller dykk kan ta daten på SUP-brett ute på fjorden med Aktiv Fuglestein.

Hjerterunden

Hjerterunden i Fjellbergsskardet er ein perfekt tur for første date. I lettgått terreng og med vakker utsikt vil daten kunne innehalde romantiske pausar og gode samtalar. Parker på Hedlebrekk og følg traktorvegen inn til skiltinga mot Hjerterunden. Turen tek ca. 1 time.

Lølandssteinen

"Den mest romantiske staden i Rogaland er utan tvil kyssesteinen ved Lølandsteinen på Sand i Ryfylke!" Marny Skeie Henkel (henta frå NRK).

Kombiner turen til Kyssesteinen (altså Lølandssteinen) med Sand safari. Start eller stopp turen i kommunesenteret Sand og besøk ein av serveringsstadene våre for ein perfekt start eller avslutning på daten - med romantisk fjordutsikt.

Foldøy

"Foldøy i Ryfylke!"

- Laila Teig Toadalen (NRK).

Foldøy ligg som ein oase i fjorden mellom Hebnes og Jelsa - og er dermed perfekt for romantiske dagsturar til vingarden på Hebnes, eller strandstaden Jelsa. Nyt turen!

Ekstraskattar: I Suldal kan du overnatte i alt frå koselege småhytter og tretopphytter til private domar og deilige hotellsenger. Fleire av overnattingsmoglegheitene tilbyr også sauna eller jacuzzi - ein perfekt stad for ein date. Elles kan ein av dei mange serveringsstadene våre vere ein god plass for ein date eller kanskje eit frieri?

Inspirasjon henta frå NRK sin artikkel "Romantiske rogalendinger!" (Frafjord S., 14.02.07)

No items found.

Tilknytta Skattar

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.