Sittegruppe på designhotell
Energihotellet © Statens vegvesen. Foto: Dag Jenssen.
Personar på fjelltopp med fjordutsikt
Hellandsnuten © Skattkammeret Suldal. Foto: Ryfylkefotografen.

Workation

På workation treng du ikkje lenger vente på helg eller ferie for å nyta dei gode opplevingane. Ved å ta med deg kontoret til Suldal kan du nyta soloppgongen frå ein fjelltopp, ta lunsjen i frisk fjelluft og utforske fiskevatn, skiløyper og nye turruter etter arbeidsdagen er over.

Gode langtidstilbod

På workation i Suldal kan du velja mellom ei rekke flotte hotell og hyttetun der fjell, fjordar, elvar og vatn er dine næraste naboar. Kva gir vel meir inspirasjon til arbeidsdagen enn å skue utover laksen som hoppar i Suldalslågen, blikkstille fjordar eller årstidene som sakte, men sikkert, set sit preg på landskapet rundt? Her får du full oversikt over våre overnattingsstadar som kan skreddarsy eit tilbod til deg basert på dine ønskje.  Fleire av hyttetuna tilbyr også leilegheiter med fullt utstyrt kjøkken.

I eitt med naturen

Suldal kommune strekk seg over 1737 km2 fordelt på i underkant av 4000 innbyggjarar, noko som betyr at du som oftast får dei gode naturopplevingane heilt for deg sjølv. I Suldal kan du utforska dei høgaste toppane i Rogaland, testa ut eit rikt utval av fiskevatn, nyta livet i ei fjordbygd og få med deg ei rekke gode kulturarrangement. I vintersesongen finn du milevis med merka skiløyper i Gullingen-området, inkludert to tilrettelagte lysløyper for mørke kveldar. Hjå Suldal Bad kan du avslutte dagen med ein roleg symjetur eller ein tur inn i boblebadet.

Arbeidsfellesskap

Leitar du etter kontorplass eller eit større fellesskap å vera ein del av? Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om moglegheiter for kontorplass og tilrettelagte fellesskap for dei som har med seg heimekontoret til Suldal.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.