Suldal blei merka som eit berekraftig reisemål i 2020. "Berekraftig reisemål" er ei nasjonal ordning levert av Innovasjon Norge og gir verktøy for destinasjonar som ønskjer å arbeide målretta med å utvikle turistnæringa på ein måte som sikrar gode opplevingar i dag, samstundes som ein vernar om ressursar som gjer at fremtidige generasjonar også har grunnlaget for å dekke sine behov. Dette gjer ein ved å kartlegge over 100 indikatorar som går på økonomisk, sosial og miljømessig berekraft. Les meir om ordninga ved å klikke deg inn på "Berekraft" heilt nedst på sida.
Fleire av verksemdene i Suldal arbeider også strategisk med berekraft gjennom ulike miljømerkingar. For å gjera det enkelt å velje berekraftig på reise til Suldal er alle desse aktørane merka med "Reis Grønt" grastusten her på visitsuldal.no. Sjå alle med sertifiseringa her.
Matskattar frå Suldal styrkjer Suldal som matdestinasjon gjennom samarbeid mellom lokale produsentar og reiselivsaktørar.