I 2022 gjekk fleire aktørar i reiselivet og fleire lokalmatprodusentar saman for å styrkje matdestinasjonen Suldal. Samarbeidet fekk namnet "Matskattar i Suldal" og er etablert som ein pilot for året 2022 der ei rekke felles seminar, promoteringsarbeid og aktivitetar inngår. Målet er å sikre tettare samarbeid, å få på plass fleire felles møteplassar og å styrkje Suldal sin posisjon som matdestinasjon.
Totalt 18 aktørar er med på samarbeidet. Desse aktørane er: Suldalshonning, Ryfylke Fjordhotel & Basecamp, Vatlandsvåg Handel, Fuglestein Fruktgard, Mo Laksegard, KULP, Træ Gården, Landsnes Villsauprodukter, Storstova Gard, Brunsj, Midtsommar, Fatnes Vestre, Energihotellet, Jelsa Hotell, Hanakamneset Gard, Bentes Himabakst, Jelsa Jordbær og Jordnær.
Det er planlagt fem samlingar som ein del av pilotprosjektet. Første samling blei holdt på Træ Gården hausten 2021 der dei ulike aktørane fekk presentert seg, og ein hadde besøk av siderklynga i Hardanger. Våren 2022 inviterte ein til felles workshop der ein samla seg om felles målsetningar for utviklinga av eit felles prosjekt for "Matskattar i Suldal" der KULP serverte si eiga tolking av Suldalsplanken. Under hausten 2022 er det planlagt tre nye samlingar.
Prosjektet er finansiert av Rogaland fylkeskommune, Suldal Vekst og aktørane sjølv.
No items found.