Bu i hjartet av Sand (Suldal) hjå Drøs sin B&B. Bed & Brunsj finn du i tredje etasje i same historiske bygg som den urbane kaféen Drøs. Huset er frå 1890.
Når du er klar for å slappe av etter ein kjekk dag i majestetiske Suldal så kan du kose deg hjå oss. I fyrste etasje finn du kafé og kjekke vertar. Kaféen har eige bakeri og kaffebar med heimerøsta kaffe. Kvifor ikkje bli ei natt eller to? Vakne til nybakt brød, søtbakst og nytrakta kaffi?
Her er du få minutt frå butikkar, busstasjonen, kaien, marknaden, sjopping, fjorden, stranda, kulturhus, kino, bowling, bibliotek, museum, andre turistattraksjoner og innen gåavstand til den berømte svømmehallen Suldal Bad.
Det er berre ein kort køyretur til flotte tur og sykkelstiar, laksefisking og elv aktivitetar som laksesafari.
Konseptet er ikkje for morgonfuglar. Me serverar frokost/brunsj mellom kl. 09.00 - kl. 11.00
Opplev Ryfylke Fjordhotell i Sand, et perfekt utgangspunkt for fjordutsikt, kultur og aktiviteter. Nyt lokale delikatesser og eventyrlige opplevelser!
Midt i sentrum på Sand finn du Suldal Hotell. Hotellet har gode rom med fjordutsikt, og tett nærleik til alt kommunesenteret har å by på. Dei tilbyr også konferansefasilitetar.
Utforsk Energihotellet på Nesflaten - en unik blanding av designarv og natur, tilbyr lokal matkultur og uforglemmelige opplevelser ved Suldalsvatnet.
Utforsk Mo Laksegard i Suldal for enestående lakseopplevelser, lokal mat og unike overnattingsmuligheter ved Suldalslågen. Perfekt for natur- og matentusiaster.
Drøs ligg i hjarta av strandstaden Sand, med både inne- og uteservering. Her får du moderne og friske smakar kombinert med tradisjonskost!
Gullingen Turistsenter, Skisenter og Fjellcamping ligg i hjarta av Gullingen-området omkransa av flotte naturopplevingar. Her kan du overnatte, nyte god tradisjonsmat og leige utstyr.
Kom tett på Suldal si rike historie, kulturarv og særprega fjellgardsmiljø ved å overnatte på Børkjenes Gard i Hamrabø. Her har de valet mellom ekte ferieidyll på gamalt vis i anten i deira to stølar oppe i Hamrabøheia eller med meir moderne fasilitetar i Kårhuset.
Det over 100 år gamle gardstunet ligg eit steinkast frå Suldalsvatnet. Nyt ein avslappande ferie i di private hytte, ta deg eit bad eller samle familien nede i grillstova om kvelden.
Bu i ein stemningsfull "Dome" i fjordriket på Ropeidhalvøya. Her får du fred, ro og fjordutsikt så langt du kan sjå. Om kvelden får du utforske stjernehimmelen over frå senga!
På Suldalsosen kan du oppleve den fantastiske suldalsnaturen som gjest hjå Osa-bu, som har både hytter og pensjonat. Her har du gåavstand til Suldalsvatnet, som blant anna er kjent for Suldalsporten.
Trægården ligg idyllisk til rett ved Suldalslågen. Her kan du leige stemningsfulle selskapslokale, nyte lokalt kjøt frå garden og overnatte i hytter på tunet.
I Sand sport si leiglegheit får du tre soverom midt i Sand sentrum. Her får du fantastisk utsikt over fjorden, og tett nærleik til alle tilboda i kommunesenteret.
Hjå Hebnes Fjordferie kan du nyte båtlivet og andre fantastiske naturopplevingar. Her er det kort avstand til strand og fiskemoglegheiter.
Eit tradisjonsrikt hyttetun tett på Suldalslågen. Garden har eige møterom for grupper og fiskerettar til elva.
Hjå Lågatun kan du leige hytter med fantastisk utsikt over Suldalslågen. Her kjem storfiskarar på jakt etter den store laksen kvart einaste år!
Stranddalen Turisthytte blir ofte kalla "Perla i Ryfylkeheiane". Hytta ligg til i flott fjellnatur 1000 meter over havet. Om sommaren tilbyr dei deira fantastiske trerettars middagar.
På Litlehaga Hyttetun får du som gjest overnatte i koselege hytter, tett på lakseelva Suldalslågen. Tunet ligg med tett nærleik til kommunesenter og flotte turnettverk.
Lakseslottet Lindum er eit imponerande bygg frå tida då engelskmennene kom til Suldal for laksefiske. I dag tilbyr dei camping og hytter i avslappa omgjevnadar.