mann ved joker-logo
kjøpmann med kunder
Joker Vatlandsvåg © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Joker Vatlandsvåg © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
mann ved joker-logo
Joker Vatlandsvåg © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Joker Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya

Opplev Joker Vatlandsvåg: Hjertet av Ropeidhalvøya for dagligvarer, lokal mat og utebord med fjordutsikt. Din base for båt, SUP og sykkelutleie!

Eit naturleg samlingsstad på Halvøya

Ein flott nærbutikk i idylliske Vatlandsvåg der du kan få tak i alle dagligvarer, i tillegg til det lille ekstra som dagens bakverk og fersk sjømat. Du finn også lokale handverksprodukt, fiskeutstyr, bilpleie, båtutstyr, hagereiskap og er Felleskjøpet-forhandlar med såfrø, hunde- og kattemat, plantejord og meir. Dei held apotekvarer, drivstoff/gass og har pakkelevering for Posten og Postnord.

Båthamn og aktivitetstilbod

I tilknytning til butikken har dei ei Vatlandsvåg båthamn med bensinpumpe, moderne sanitæranlegg, straum og vatn. Dei kan tilby utleige av båt, SUP-brett og e-sykkel med mange flotte sykkelmoglegheiter i jamnt terreng på lite trafikkerte vegar.

Arrangement og lokalmat

Første laurdagen i fellesferien arrangerer dei Halvøydagen, ein marknads- og aktivitetsdag for store og små. Joker Vatlandsvåg har også fokus på ureiste, lokale råvarer, og i butikken deira kan du ofte finne sal av ulike produkt frå ulike produsentar i Suldal og regionen generelt.

Joker Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya

Sesong: Heile året. Eksta lange opningstider i sommarsesongen.


Joker Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Skattar

No items found.

Bli inspirert

No items found.

Handel

/

Ryfylke museet

Ryfylkemuseet Museumsbutikk, Sand

Ryfylkemuseumets butikk ligg rett ved fjorden i kommunesenteret Sand. Sikre deg lokal litteratur og handlaga produkt i flotte lokale.

To i prat på daglegvare

Extra Suldal, Sand

Flott daglegvare midt i hovudgata av Sand sentrum. Butikken tilbyr også ulike ferskvarer og lokale varer.

Sand sentrum

Bimi mat

Har du lyst på smakar frå Japan? Hjå Bimi kan du kjøpe deg sushi, fritert kylling og diverse varmrettar for take away.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.