Sand småbåthamn
Lise Bjelland
Sand småbåthamn
Lise Bjelland

Sand Båthamn, Sand

Sand Båthamn ligg i sentrum av kommunesenteret med gåavstand til butikkar, kafear, museum og kulturhus.

Sand Båthamn ligg sjarmerande til i elveosen der fjorden møter Suldalslågen: Vestlandets største lakseelv. Hamna ligg i sjølve Sand sentrum med gåavstand til butikkar, restaurantar, kulturhus og museum. Ryfylke Fjordhotel er også nærmaste nabo.

Det er gode turmoglegheiter i området, og ein tur innom Laksestudio og rundtturen om den arkitektoniske perla Høse-Bru er å anbefale.

Det er bensinpumpe i havna, og bensinstasjon og verkstad litt lengre nede i gata.

Sand Båthamn, Sand

Sesong: Båtsesongen

Kapasitet: 25 båtplassar.

For booking og meir informajon besøk nettsida deira her.

Posisjon: N59 28.983, E006 14.915

Sand Båthamn, Sand
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Skattar

No items found.

Bli inspirert

No items found.

Båtliv

/

Vatlandsvåg gjestehamn

Vatlandsvåg gjestehamn, Ropeidhalvøya

Flott gjestehamn i Vatlandsvåg med tilknytning til den lokale dagligvarebutikken og moderne sanitæranlegg.

Marvik gjestehamn

Marvik Gjestehamn, Ropeidhalvøya

Ei flott gjestehamn på Ropeidhalvøya. Hamna ligg like ved eit flott turområde.

Jelsa Båthamn, Jelsa

Jelsa er ein av dei best bevarte strandstadene i Ryfylke, og området tiltrekk seg ei rekke turistar i sommarhalvåret.

Foreneset Marina, Økstrafjorden

Økstrafjorden er ein av dei mest populære fjordane i Suldal for hytte og båtturistar, og Foreneset Marina er ei godt utstyrt gjestehamn.

Foto: Hålandsosen gjestehamn

Hålandsosen Gjestehamn, Erfjord

Koseleg gjestehamn i den flotte fjordbygda Erfjord.

Bilete av vatnhøl i elv

Larvika Parkering, Sand

Flott parkingsplass der ein kan parkere bubil og campingvogn. Her har ein utvikt over Larvika-hølen og kort gåavstand til Sand sentrum.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.