Bilde av tun med bygg
Bilde av tun med bygg
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Bilde av tun med bygg
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Selskapslokale ved Børkjenes gard

Børkjenes Gard, med sine historiske bygg og idylliske naturomgjevnadar, set den perfekte ramma for selskapet. Anten du ønskjer å nytte lokale til festleg lag, bedriftstur eller bryllaup får de ei oppleving heilt utanom det vanlege!

Børkjenes Gard ligg idyllisk til i Hamrabø med sine naturskjønne omgjevnadar og særprega fjellgardsmiljø. Totalt strekk garden strekk seg frå 280 til 1350 moh frå tunet heilt til fjells, og har totalt 40 hus. Dette er mellom anna hovudhus, kårhus, låven, sauehus, hønehus, stabbur, kvernhus, tørkehus for korn, taubanehus, kjerrehus med vedlager, eldhus, smie og sagbruk. Flesteparten av husa er frå 1800-talet, men fleire hus og historier strekk seg også lengre tilbake i tid. 

Garden fekk tildelt Olavsrosa i 2023, eit kvalitetsmerke for eineståande opplevinga rrotfesta i den norske kulturarven. Dei fekk også Suldal kommune sin bygningsvernpris i 2018 for arbeidet med å sikre bygningsarva på Børkjenes gjennom sine mange små og store restaureringsprosjekt.

Deira lokale eignar seg for grupper frå 20 til 120 personar, der løa tek 100-120 personar og fjoset tek 20-30. De kan også kan nytte uteområde på tunet. For dei som ønskjer kan ein også kombinere samlinga på garden med tur i heiområdet rundt. Sesongen for utleige avløa er mai-oktober. Fjoset kan varmast opp.

I samarbeid med lokale serveringsstader kan dei også tilby catering med fokus på kortreiste, lokale råvarer.  

Du finn Børkjenes Gard ved å ta av mot Hamrabø på vegen mellom Sand og Nesflaten, midt på Suldalsvatnet, langs RV13.  

Selskapslokale ved Børkjenes gard

Pris: Ta kontakt for eit tilbod.

Selskapslokale ved Børkjenes gard
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Skattar

No items found.

Bli inspirert

No items found.

Kurs & konferanse

/

Bilde av hotell ved fjordkanten

Ryfylke Fjordhotell, Sand

Opplev Ryfylke Fjordhotell i Sand, et perfekt utgangspunkt for fjordutsikt, kultur og aktiviteter. Nyt lokale delikatesser og eventyrlige opplevelser!

Energihotellet

Energihotellet, Nesflaten

Utforsk Energihotellet på Nesflaten - en unik blanding av designarv og natur, tilbyr lokal matkultur og uforglemmelige opplevelser ved Suldalsvatnet.

Mo Laksegard

Mo Laksegard, Sandsbygda

Utforsk Mo Laksegard i Suldal for enestående lakseopplevelser, lokal mat og unike overnattingsmuligheter ved Suldalslågen. Perfekt for natur- og matentusiaster.

Gullingen turistsenter

Gullingen Turistsenter og Fjellcamping

Gullingen Turistsenter, Skisenter og Fjellcamping ligg i hjarta av Gullingen-området omkransa av flotte naturopplevingar. Her kan du overnatte, nyte god tradisjonsmat og leige utstyr.

Bjørn Moe og Cecilie Jelsa på Jelsa hotell

Jelsa Hotell, Jelsa

Opplev Jelsa Hotell i Ryfylke: Moderne komfort i historisk strandstad. Nyt lokale matskattar og unike opplevingar ved fjorden. Bestill ditt opphald no!

Festlokale i løe

Træ Gården, Sandsbygda

Trægården ligg idyllisk til rett ved Suldalslågen. Her kan du leige stemningsfulle selskapslokale, nyte lokalt kjøt frå garden og overnatte i hytter på tunet.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.