Bilde av gardstun
Bilde av eldre stove
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
© Skattkammeret Suldal. Foto: Privat
Bilde av gardstun
© Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Børkjenes gard: Ferieidyll på gamalt vis

Kom tett på Suldal si rike historie, kulturarv og særprega fjellgardsmiljø ved å overnatte på Børkjenes Gard i Hamrabø. Her har de valet mellom ekte ferieidyll på gamalt vis i anten i deira to stølar oppe i Hamrabøheia eller med meir moderne fasilitetar i Kårhuset.

Børkjenes Gard ligg idyllisk til i Hamrabø med sine naturskjønne omgjevnadar og særprega fjellgardsmiljø. Totalt strekk garden strekk seg frå 280 til 1350 meter over havet frå tunet heilt til fjells, og har totalt 40 hus. Dette er mellom anna hovudhus, kårhus, låven, sauehus, hønehus, stabbur, kvernhus, tørkehus for korn, taubanehus, kjerrehus med vedlager, eldhus, smie og sagbruk. Flesteparten av husa er frå 1800-talet, men fleire hus og historier strekk seg også lengre tilbake i tid.

Garden fekk tildelt Olavsrosa i 2023, eit kvalitetsmerke for eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven. Dei fekk også Suldal kommune sin bygningsvernpris i 2018 for arbeidet med å sikre bygningsarva på Børkjenes gjennom sine mange små og store restaureringsprosjekt. 

Frå stølane og kårhuset har ein også tilgong på eit rikt turnettverk.

Du finn Børkjenes Gard ved å ta av mot Hamrabø på vegen mellom Sand og Nesflaten, midt på Suldalsvatnet, langs RV13.  

Støl 1: Bjørkestølen

Bjørkestølen ligg i Hamrabøheiaheia ovanfor Børkjenestunet. Det tek omlag 45 minutt gange frå parkeringa til Bjørkestølen. Ein må ha firehjultrekk for å ta seg opp til parkeringa.

5 sengeplassar

Stølen har ikkje innlagt vatn eller straum, og har utedo.

Ved på hytta til 5 kr per kilo.

Sengeklede for ein ekstra kostnad.

Utvask for ekstra kostnad.

Moglegheit med snøscooter-transport eller ATV-transport på førespunad for ekstra kostnad.

Pris: 1200 per døgn. Minimum to netter.

Støl 2: Stormyr

Stormyr ligg i Hamrabøheia ovanfor Bjørkestølen. Frå parkeringa er det omlag 1,5 time opp til Stormyr, som ligg ovanfor Bjørkestølen. Ein må ha firehjultrekk for å ta seg opp til parkeringa.

8 sengeplassar

Stølen har ikkje innlagt vatn eller straum, og har utedo.

Ved på hytta til 5 kr per kilo.

Sengeklede for ein ekstra kostnad.

Utvask for ekstra kostnad.

Fiskekort til vatn etter avtale med grunneigar.

Flotte turmoglegheiter, med Skaulen (2-3 timar frå stølen) og Borgabuhaugen (1 time frå stølen).

Moglegheit med snøscooter-transport eller ATV-transport på førespunad for ekstra kostnad.

Pris: 1600 per døgn. Minimum to netter.

Kårhuset

Kårhuset ligg i gardstunet på hovudgarden, der stoverommet er frå 1860-talet.

8-10 sengeplassar, fordelt på 4 soverom.

Staum, totoalett og innlagt vatn.

Ved til 5 kr per kilo.

Sengeklede for ein ekstra kostnad.

Utvask for ekstra kostnad.

Pris: 3000 per døgn. Minimum to netter.

 

Børkjenes gard: Ferieidyll på gamalt vis

Børkjenes gard: Ferieidyll på gamalt vis
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Skattar

No items found.

Bli inspirert

No items found.

Hytter

/

Mo Laksegard

Mo Laksegard, Sandsbygda

Utforsk Mo Laksegard i Suldal for enestående lakseopplevelser, lokal mat og unike overnattingsmuligheter ved Suldalslågen. Perfekt for natur- og matentusiaster.

Gullingen turistsenter

Gullingen Turistsenter og Fjellcamping

Gullingen Turistsenter, Skisenter og Fjellcamping ligg i hjarta av Gullingen-området omkransa av flotte naturopplevingar. Her kan du overnatte, nyte god tradisjonsmat og leige utstyr.

Vikane Hyttetun

Vikane hyttetun, Suldalsosen

Det over 100 år gamle gardstunet ligg eit steinkast frå Suldalsvatnet. Nyt ein avslappande ferie i di private hytte, ta deg eit bad eller samle familien nede i grillstova om kvelden.

Bilde av dame på seng med panoramautsikt

Tveita Adventure, Ropeidhalvøya

Bu i ein stemningsfull "Dome" i fjordriket på Ropeidhalvøya. Her får du fred, ro og fjordutsikt så langt du kan sjå. Om kvelden får du utforske stjernehimmelen over frå senga!

Osa Bu

Osa- Bu, Suldalsosen

På Suldalsosen kan du oppleve den fantastiske suldalsnaturen som gjest hjå Osa-bu, som har både hytter og pensjonat. Her har du gåavstand til Suldalsvatnet, som blant anna er kjent for Suldalsporten.

Festlokale i løe

Træ Gården, Sandsbygda

Trægården ligg frå Suldalslågen til Rossheinibba, 750 meter over havet. Her kan du leige stemningsfulle selskapslokale, nyte lokalt kjøt frå garden og overnatte i hytter på tunet.

Fjordutsikt frå veranda

Sand sport - leilegheit

I Sand sport si leiglegheit får du tre soverom midt i Sand sentrum. Her får du fantastisk utsikt over fjorden, og tett nærleik til alle tilboda i kommunesenteret.

Hebnes Fjordferie

Hebnes Fjordferie, Ropeidhalvøya

Hjå Hebnes Fjordferie kan du nyte båtlivet og andre fantastiske naturopplevingar. Her er det kort avstand til strand og fiskemoglegheiter.

Mo Feriehytter

Mo Feriehytter, Nedre Suldal

Eit tradisjonsrikt hyttetun tett på Suldalslågen. Garden har eige møterom for grupper og fiskerettar til elva.

Lågatun hytter

Lågatun hytter, Nedre Suldal

Hjå Lågatun kan du leige hytter med fantastisk utsikt over Suldalslågen. Her kjem storfiskarar på jakt etter den store laksen kvart einaste år!

Stranddalen

Stranddalshytta, Gullingen

Stranddalen Turisthytte blir ofte kalla "Perla i Ryfylkeheiane". Hytta ligg til i flott fjellnatur 1000 meter over havet. Om sommaren tilbyr dei deira fantastiske trerettars middagar.

Litlehaga hyttetun

Litlehaga hyttetun, Sandsbygda

På Litlehaga Hyttetun får du som gjest overnatte i koselege hytter, tett på lakseelva Suldalslågen. Tunet ligg med tett nærleik til kommunesenter og flotte turnettverk.

Lindum camping

Lindum Camping, Suldalsosen

Lakseslottet Lindum er eit imponerande bygg frå tida då engelskmennene kom til Suldal for laksefiske. I dag tilbyr dei camping og hytter i avslappa omgjevnadar.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.