Laksesafari
Laksesafari © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Laksesafari
Laksesafari © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Laksesafari – Flyt ned elva med fisken

Iført tørrdrakt, snorkel og maske, flyt du fritt med straumen i Suldalslågen på laksesafari med Mo Laksegard. Nokre stader så grunt at det følast som ein må knipe inn magen for ikkje å skrape mot dei flate steinane på elvebotnen, andre stader passerer du hølar meir enn 12 m djupe.

Dette er eit natureventyr av ei anna verd. Ein laks piler forbi, ein anna står og stangar mot straumen. Vegetasjonen under vatn skifter mellom grøne vassplanter, fin sand og lyse, glatte steinar. Ein guide flyt med gruppa i vatnet, ein guide følgjer gruppa i kano.

Du må vera minst 14 år, symjedyktig og ikkje ha epilepsi eller andre sjukdomar som framkallast av kulde eller stress. Ta på innerst varmt godt undertøy. Resten av kleda som tørrdrakt, sko og dykkarmaske får du utdelt. Turen tek omlag 2,5 time.

I sommarsesongen har Mo Laksegard faste turar onsdagar og laurdagar. Utanom sesong tilbyr dei laksesafari for grupper på over seks personar. Meir informasjon finn du på molaks.no.


 

Laksesafari – Flyt ned elva med fisken
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);