Jaccuzzi ved Suldal Bad
Boblebad © Suldal Bad. Foto: Ryfylkefotografen
Suldal Bad
Suldal Bad © Suldal Bad. Foto: Ryfylkefotografen

Utandørs boblebad, klatrevegg, sklier og kiosk ved Suldal Bad

Suldal Bad er det heile Suldal sitt folkebad, attraksjon og aktivitetsparadis for både store og små, fastbuande og turistar. Anlegget tilbyr eit stort hovudbasseng, barnebasseng, terapibad, utandørs boblebad, badstue, klatrevegg, sklie og mykje meir. Suldal Bad ligg på Eide på Sand, med fantastisk utsikt over fjordlandskapet rundt.

Hovudbasseng

Badet består av eit hovudbasseng som er 25 x 12, 5 meter. Dette bassenget har 6 banar og her vil temperaturen vera 28 grader.

Barnebasseng

Vårt barnebasseng har ein temperatur på 34 grader, og er ein behageleg plass der våre yngste gjester kan nyta leik og moro. Bassenget går frå 15 cm til 30 cm på det djupaste med fontene og ei flyttbar sklie.

Terapibadet

I velværeavdelinga er det eit terapibasseng som held ein temperatur på 34 grader. Bassenget er 0,9 m på det grunnaste og 1,5 m på det djupaste. I tillegg til rullestolrampe har terapibadet massasjedyser og sitjebenkar.

Badstu

Mellom terapibassenget og hovudbassenget finn du ei badstu. Badstua er felles for alle, men små born bør ikkje nyta badstu. Badetøy er påbudt. I badstua vil temperaturen vera på 80-90 grader.

Boblebad

Eit boblebad med plass til 8 personar er plassert ute i det fri. Her er ein behagelg plass kor ein kan ta ein pause frå kvardagen og berre nyta den flotte utsikta og det varme vatnet som held 38 grader.  

Sklie og aktivitetar

Det går ei 65 meter lang sklie gjennom rommet som sluttar i eit lite landingsbasseng. Denne sklia har tidtaking. Ein finn også ein 3 meter høg og 2,6 meter brei klatrevegg som er installert langs hovudbassenget, stupetårn med ulike sviktbrett og fast stupeplattform i ulike høgdar.

Kafe/Kiosk

Suldal Bad har eigen kiosk/kafe ved resepsjonen og har servering både i tørr og våt sone. Her er og ein liten badebutikk med sal av badetøy og badeutstyr.

Informasjon om opningstider og prisar finn du på suldal-bad.no. Her kan du også reservere plass gratis slik at du er sikra at det er ledig plass til deg den dagen du kjem.

Godt tilgjengeleg: Suldal Bad har familiegarderobe med dusj og WC som er tilpassa rullestolbrukerar. I tillegg har dei hjelpemidler som våtsone rullestol, dusj- og toalettstol m/ tilt, mobil personheis, ståheis og stellebenk. Har du behov for nokre av desse hjelpemidla kan du ta kontakt på førehand slik at dei kan gjera alt klart til du kjem.

Utandørs boblebad, klatrevegg, sklier og kiosk ved Suldal Bad
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);